Norsk Forfatterforening, med mange fleire, oppmodar deg til å ta deg tid til ti minutts lesing kvar dag i 2025. Plukk opp boka og les i ti minutt i staden for å skrolle.
Høyres det lite ut? Neida! Som med all anna trening, er staheit og repetisjon den viktigaste nøkkelen. Dei ti minuttane du brukar på lesinga gir hjernen rom for avkopling, konsentrasjon, læring og kreativitet som set spor. I tillegg innarbeider du lesinga som ei vane.
Biblioteket har bøker til deg, både på papir og digitalt. Finn du ikkje det du leitar etter, eller ikkje heilt veit kva som fristar; spør din lokale bibliotekar om boktips!