Andre digitale tenester

Logo Filmoteket

Filmoteket

Filmoteket er ei gratis strøymeteneste som gjev tilgang til ei rekkje norske, nordiske og internasjonale filmar. Alle som har nasjonalt lånekort med ei av Sogndalsbiblioteka sine avdelingar (Sogndal, Leikanger eller Balestrand) som heimebibliotek kan bruka tenesta. Du kan låna 5 filmar i månaden og filmane er tilgjengelege i dine lån i 48 timar. Filmane kan spelast av på alle plattformar i alle nettlesarar, og kan overførast til større skjermar via AirPlay eller Chromecast.

Slik gjer du:

  1. Gå til www.filmoteket.no
  2. Vel Logg inn i menylinja
  3. Klikk på Registrer ny brukar
  4. Tast inn lånenummer og PIN-kode/passord. Det same du nyttar for å logge på Mine sider/Bibliofil
  5. Fyll inn e-postadresse og vel passord. Dette passordet brukar du for å logge inn på Filmoteket
  6. Du får tilsendt ein e-post med bekrefting. Sjekk e-post og følg lenka
  7. Logg inn og snurr film!

Du kan finne meir informasjon om Filmoteket her.

Logo Filmbib

Filmbib

Filmbib er ei gratis strøymeteneste som gir tilgang til ei rekke norske kort- og dokumentarfilmar. Alle som har nasjonalt lånekort kan nytta seg av tenesta. Filmane er kjøpt inn gjennom den nasjonale innkjøpsordninga for film, og er oppretta for å sikra breidde og kvalitet i filmtilbodet for vaksne og barn, og for å stimulera filmkulturen i Norge.

  1. Last ned Filmbib på Google Play eller på App store eller nytta tenesta på PC/Mac: www.filmbib.no. Tenesta er berre tilgjengelig via norske IP-adresser.
  2. Logg deg på med lånenummer og PIN-kode. Ta kontakt med biblioteket dersom du manglar lånenummeret ditt eller treng PIN-kode.

Logo Leser søker bok Leser søker bok

Leser søker bok er ei foreining som jobbar for at alle skal ha tilgang til god litteratur, gjennom å gje ut bøker som er tilpassa ulik leseevne. Leser søker bok samarbeider med folkebibliotek rundt om i landet, i såkalla “bok-til-alle-bibliotek”. Biblioteka i Sogndal kommune har eit utval av bøker som er lette å lesa. Leser søker bok har ei eiga nettside med søk etter tilrettelagde bøker: www.boksøk.no.

Logo Lesekroken

Lesekroken.no 

Lesekroken.no er ein digital eventyrportal med norske folkeeventyr på 22 språk. Portalen inneheld e-bøker og e-lydbøker med eventyr fra Asbjørnsen og Moe sine samlingar på bokmål nynorsk, bokmål og samisk, samt 19 av dei mest vanlege framandspråka i Noreg. Lesekroken.no passar for alle, både tospråklege, fleirspråklege og dei med norsk som morsmål. Du finn også ulike oppgåver og aktivitetar knytt til eventyra, som karaoke, puslespel og fargelegging. Logg inn med passordet: Veslefrikk.

Lovdata Pro

I bibliotekversjonen av Lovdata Pro kan du søka etter lover, forskrifter, dommar og stortingsvedtak. Her har du tilgang til dei fleste dokumenta som ligg i fullversjonen av Lovdata Pro, men utan dei personlege arbeidsverktøya som finst i fullversjonen. Lovdata pro er berre tilgjengeleg frå datamaskinene i biblioteka i Sogndal kommune.

Bærekraftsbiblioteket  

Gjennom Bærekraftsbiblioteket kan du vera med på å utforska FN sine 17 bærekraftsmål gjennom litteratur. Bærekraftsbiblioteket inneheld bøker som kan hjelpa oss med betre å forstå planetens sine utfordringar med fattigdom, ulikheiter og klimaendringar. I Bærekraftsbiblioteket finn du boklister med aktivitetar til kvart av dei 17 bærekraftsmåla.

DFB 

Det flerspråklige bibliotek (DFB) har bøker og anna materiale på mange språk. Kikk gjerne på DFB sine nettsider og fortel oss kva du ønskjer å låna, eller spør oss om å låna inn bøker på det språket du ønskjer.

NLB

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek produserer og låner ut lydbøker og bøker i punktskrift. Barn, ungdom og vaksne som har vanskar med å lesa trykt tekst og vanlege bøker på grunn av funksjonsnedsetjing eller sjukdom, kan melda seg inn i Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek og få tilbod om å låna.

Biblioteksøk

Med Biblioteksøk kan du låna frå alle norske bibliotek. Med eit enkelt søk på bibsok.no kan du finna bøker, lydbøker, filmar eller musikkinnspelingar frå heile landet. Ved å logga inn med Nasjonalt lånekort, kan du bestilla til ditt lokale bibliotek.

 

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Personverninformasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close