Sommarles

Sommarles 2025

Dato

Tid

Stad

Bli med på Sommarles frå 1. juni!

Sommarles.no er ein nasjonal, digital lesekampanje for barn i 1.–7. klasse. Kampanjen gjer lesing ekstra gøy i sommarferien – og det er heilt gratis å vera med!

Sommarles varer frå 1. juni til 31. august. Alle barn mellom 6 og 13 år kan vera med! Både dei som startar i 1. klasse og dei som skal byrja i 8. klasse til hausten.

Frå 1. juni kan du registrera deg på sommarles.no.  Her registrerer du alle bøkene du les, får poeng og går opp i level. Etter kvart som du kjem opp i level, vinn du premiar, som du hentar på biblioteket. På level 10, 20 og 30 kan du velja mellom flotte sommarlespremiar, og på level 40 og 50 får du fine buttons.

Du kan velja om du vil lesa sjølv, høyra lydbøker eller bli lesen for.  All lesing tel! Du kan òg låna fine lydbøker, e-bøker og bøker i punktskrift frå Tibi, dersom du har vanskar med å lesa.

I september feirar me alle sommarlesarane våre med fest på biblioteket!