Pressreader
Pressreader er ei teneste som gir gratis nettilgang til om lag 7000 aviser og magasin på rundt 60 språk. Her kan du lesa dagsferske aviser og avisutgåver inntil tre månader tilbake i tid. Aftenposten, Agderposten, Bergens Tidende, Dagbladet, Dagsavisen og Fædrelandsvennen er nokre av dei norske avisene du har tilgang til gjennom Pressreader. Døme på norske magasin i Pressreader er Vakre hjem & interiør, Se og hør, KK og Vi over 60.
For å få tilgang:
- Kopla deg på biblioteket sitt wi-fi-nettverk.
- Last ned appen Pressreader frå Google Play eller App Store.
- Start appen medan du er i biblioteket. Du har då tilgang til PressReader i 7 dagar. Du må altså innom biblioteket kvar 7. dag for å få oppdatert tilgangen.
Du kan òg få tilgang til Pressreader når du er innlogga i Bibliofil-appen, når du vel Meny – Digitale tenester – Pressreader.
På datamaskin:
- Kopla deg på biblioteket sitt wi-fi-nettverk.
- Gå inn på pressreader.com medan du er på biblioteket sitt nettverk.
Nasjonalbiblioteket si avisteneste
Les digitaliserte aviser hjå Nasjonalbiblioteket. Nasjonalbiblioteket har digitalisert norske papiraviser frå heile landet. Mange eldre aviser har du tilgang til heimefrå utan pålogging, men aviser som er merka med “tilgang i norske bibliotek”, får du berre tilgang til når du er pålogga tenesta i biblioteket. På biblioteket får du hjelp til å logga deg på, og du kan bruka di eiga datamaskin eller ei av publikumsmaskinene i biblioteket.
Du kan søka etter tittel på avisa, bestemte datoar, personar, hendingar og bilete. Nye utgåver av digitaliserte aviser er tilgjengeleg etter 14 dagar. Merk deg at det framleis vil vera nokre aviser du ikkje kan lesa. Desse er merka med “kan kun åpnes i Nasjonalbiblioteket”. På Nasjonalbiblioteket finn du ei oversikt over kva for aviser som er digitalt tilgjengelege.