Grublar du mykje? Snakkar du ofte ned deg sjølv? Mange har fått hjelp mot negative tankar av ein gratis app frå Helsedirektoratet.

Enklare med litt hjelp

Kampklar jente med nettbrett, foto

Til kamp mot negative tankar! Mange får hjelp av gratisappen «Tankevirus».

Unngår du å gjere det du eigentleg har lyst til? Grublar du mykje på noko som har skjedd eller kan skje? Er du ofte sjølvkritisk? Dei fleste av oss har det sånn innimellom. Å lære om korleis tankar og mønster blir til, kan gjere at dei negative ikkje får så stor plass. Mange tusen nordmenn i alderen 13 til 93 år har fått hjelp av ein gratis app.  

Gratis app med enkle videotips

I gratis-appen «Tankevirus» frå Helsedirektoratet (tankevirus.no/app) får du enkle videotips som hjelper deg med å avsløre unødige negative tankar i kvardagen. I tillegg får du trening i å bruke psykologiske vitamin i møte med desse «tankevirusa». Appen er basert på ein prisløna metode og utvikla av norske psykologar og forskarar. Han krev inga innlogging, og du kan laste han ned frå App Store, AppGallery og Google Play. 

Det vi veit, kan vi gjere noko med  

Kanskje du kjenner at omgrepet «tankevirus» og heile opplegget ser for enkelt ut. Ingen seier at det berre er å knipse med fingrane, men å lære seg å kjenne att negative mønster er første steg til å gjere noko med dei. Appen blei lansert i 2021, og brukarane visar betring på tvers av kjønn, alder og grad av plager.  

«Målet er ikke at folk skal bli kvitt tankevirus, men at vi blir oppmerksomme på dem og lærer å takle virusene når de blir problematiske».
Psykolog Hanne H. Brorson, grunnleggar av Tankevirus-konseptet.  

Kva kan vi gjere då?

I denne bildeartikkelen fortel tre ungdommar om korleis appen har hjelpt dei med å få bukt med negative tankar (nrk.no).  

Eit døme kan vere at du stadig snakkar stygt om deg sjølv, til deg sjølv. Om du gjer dette ofte nok, kan det gå ut over korleis du har det og trykke deg ned. Hendingar blir forklarte ut frå at noko er feil med deg, og sjølvkjensla blir dårleg.
 
Kan hende er det «Avsløringsvitaminet» du treng? Om du avslører at du faktisk har unødige negative tankar om deg sjølv – eit tankevirus, har du gitt deg sjølv ein sjanse til å tenke nytt. Med «Diskusjonsvitaminet» må du tenke gjennom om det er alternative måtar å forstå omverda og situasjonar på. Kanskje hendingar du reagerer på, slett ikkje handlar om deg? På same måte som vi kan trene resten av kroppen, er det mogleg å trene å utfordre tankar som ikkje gagnar oss.

Gratis digitalt kurs for deg som er elev eller læring i Vestland

Om du er elev eller læring i Vestland fylke, tilbyr fylkeskommunen eit gratis digitalt kurs i «Tankevirus»-metoden no i vinter, spesielt for ungdomar. Kurset går over tre gongar, og ein deltek med chat, ikkje kamera. Les meir og meld deg på her (vlfk.no).  

Meir om Tankevirus-konseptet (tankevirus.no)

 

Tekst: Lena.Jensen.Glesnes@vlfk.no
Bilde heading: Pexels, Juan Mendez
Bilde inni: Pexels, Andrea Pacquadio


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Bibliotekutvikling Vestland

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Personverninformasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close