E-bøker

BookBites logoBookBites

Når du lastar ned appen BookBites frå App Store eller Google play, kan du låna e-bøker og e-lydbøker gratis. For å få tilgang treng du eit lånekort og ein pinkode frå biblioteka i Sogndal kommune. Når du lagar ein brukar og loggar deg inn, får du tilgang til fleire tusen e-bøker, og kan låna, reservera, lesa og høyra på e-bøker og e-lydbøker. Kontakt biblioteket dersom du ikkje har lånekort eller pinkode.

Slik gjer du:

  1. Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play.
  2. Lag ein ny brukar med epost-adresse og passord, eller logg inn med Google- eller Facebook-kontoen din. Dersom du har ein Feidebrukar frå ein skule i fylket, kan du òg logga inn med denne.
  3. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket.
  4. Finn e-bøker eller e-lydbøker, last ned og les eller lytt.

Nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket (Bokhylla.no)

Søk i bøker, tidskrift og bilete på Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek. Du har tilgang til 500 000 digitaliserte norske bøker, som er utgitt før år 2000. Du har òg tilgang til 2 millionar norske aviser, 30 000 tidsskrift og 250 000 bilete.

Full tilgang til Nasjonalbiblioteket sine samlingar gjennom søknad. Ein kan få tilgang til digitaliserte bøker som ikkje ligg tilgjengeleg gjennom å logga seg på nettbiblioteket med MinId eller Feide. Deretter kan du leggja inn søknad om å få digital tilgang. Tilsette i biblioteket godkjenner søknaden.

 

Logo Billedbokhylla

Billedbokhylla

Søk etter digitaliserte biletbøker hjå Billedbokhylla til Hammerfest bibliotek. Mange gode biletbøker blir utslitne og forsvinn frå biblioteket. Fleire av desse bokskattane er skanna av Nasjonalbiblioteket og ligg tilgjengeleg som e-bøker hjå Hammerfest bibliotek.

 

Bokselskap.no

Bokselskap.no kan du lesa norske klassikarar på nett eller lasta ned til nettbrett eller mobil. Tenesta er gratis.

 

Logo Verdensbiblioteket

Verdensbiblioteket

Verdensbiblioteket.no finn du e-bøker og lydbøker på fleire språk. Du kan lesa og lytta til bøker på mellom anna arabisk, tigrinja, albansk, persisk, somali og ukrainsk. Tenesta er gratis, og du opprettar sjølv ein brukar med e-postadresse og passord. Deretter kan du logga inn for å lesa og lytta.

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Personverninformasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close