Tysdag 9. april kl. 18 møter du historikar og forfattar Aina Basso på biblioteket i Sogndal.

Svart-kvitt portrett av Aina Basso

Foto: Oda Berby

Aina Basso er utdanna historikar og har sidan debuten i 2008 skrive historiske romanar og noveller for ungdom og vaksne, samt sakprosa for barn og ungdom. Hennar nyaste bok, «Eg rissa desse runene», er ei samling historiske noveller basert på runeinnskrifter frå 1100– og 1200-talet. Aina fortel om sitt forfattarskap og det å skrive historisk.

Samlaget skriv om “Eg rissa desse runene”:

“Fiskaren Ragnar dreg opp eit garn som aldri blir tomt for fisk. Havgrim kløyver skallen til Harald med øks og blir lyst fredlaus. 11 år gamle Eidunn blir send vekk frå familien for å gå i lære i nonneklosteret, mens tannknekkaren Bergsveinn minnest Bergtora, som valde å bli dødeleg for kjærleiken sin til han.

Novellene i denne boka har ei historisk runeinnskrift som førelegg. Innskriftene stammar frå 1100-1200-talet og varierer mellom enkle beskjedar, merkelappar og kjærleikserklæringar til nidskrifter og magiske formular. Aina Basso pustar liv i menneska og mellomaldersamfunnet, ei tid som er ganske ulik vår eiga, men der sorgene og gledene til menneska vi møter, likevel minner om våre.”

 

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Personverninformasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close