Arrangement og aktivitetar

Arrangement

I arrangementskalenderen vår finn du ei oversikt over framtidige arrangement på biblioteka. Biblioteteka i Sogndal kommune er ein uavhengig møteplass og arena for offentleg samtale og debatt. Med jamne mellomrom har me difor ulike arrangement, som forfattarbesøk, bokkafear, debattar, førelesingar og teateroppsetjingar.

Tilbod for barn og unge

Sommarles

Sommarles er ein nasjonal, digital lesekampanje for alle born i 1. – 7. klasse, som varer frå 1. juni til 31. august kvart år. For å bli med på Sommarles går du inn på sommarles.no frå 1. juni og lagar deg ein profil. Les meir om registrering og deltaking.

Det nynorske turbiblioteket

Alle kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane har kvar si dagsturhytte med eit nynorsk turbibliotek, som skal stimulera til lesing og gjera nynorsk barnelitteratur kjent og tilgjengeleg. I Sogndal kommune er det dagsturhytter både i Balestrand, Leikanger og Sogndal:

  • Dagsturhytta i Balestrand heiter Balabu og ligg ved Balastølen, om lag 400 moh.
  • Dagsturhytta i Leikanger ligg på Eggjahaugane og heiter Orrabu. Frå Eggjahaugane har du utsikt til Hermansverk sentrum, inn fjorden til Fresvik, til Feios og vestover mot Vangsnes i Vik kommune.
  • Dagsturhytta i Sogndal heiter Stedjestova, og ligg 300 moh. i Stedjeåsen. Hytta har utsyn mot sentrum i nord-aust og Storehaugen i sør.

Skular og barnehagar

For skular og barnehagar tilbyr biblioteket formidlingsbesøk til skulen eller barnehagen etter avtale. Me på biblioteket kan òg koma på besøk på skulen for å snakka om bøker i ein klasse.

Tilbod for vaksne

Bokkafé

I Leikanger og Sogndal held biblioteka bokkafé der bibliotektilsette presenterer boktips. Bokkaféane i Sogndal er lagt til siste torsdag i månadane januar, februar, mars, september, oktober og november. Leikanger held bokkafè tre gonger i halvåret.

Bok på døra

I samarbeid med besøkstenesta til Sogndal Røde Kors, tilbyr biblioteket i Sogndal tenesta Bok på døra. Personar som av ulike årsaker har vanskar med å koma seg på biblioteket sjølve, kan få levert bøker heim til seg, i staden for å koma på biblioteket. Tenesta er gratis. Dersom du ynskjer meir informasjon om Bok på døra, ta kontakt med Sogndal bibliotek, tlf. 57 62 96 60.

Leser søker bok

Leser søker bok er ein allianse som arbeider for at alle skal ha tilgang til god litteratur. Sogndal bibliotek er eit Bok til alle-bibliotek. Det inneber å gje eit godt tilbod til dei som tykkjer “vanlege bøker” er utilgjengelege. I Bok til alle-bibliotek skal ein finna bøker som er lette å lesa, og ein kan få råd om kva for bøker som passar best for ulike lesevanskar. Søk etter tilrettelagde bøker. 

Samarbeid med biblioteket?

Biblioteket har allereie eit godt samarbeid med lag, organisasjonar og institusjonar i vårt nærmiljø, og ynskjer å utvida samarbeidet. Dersom du har ein ide eller eit ynskje om arrangement eller aktivitetar som hadde gjort seg godt i biblioteket, ta kontakt med oss på sogndalbib@sogndal.kommune.no

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Personverninformasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close