Onsdag 1. februar kl. 18 blir det eit nytt foredrag i serien om Noreg si historie. Førsteamanuensis Pål Berg Svenungsen frå Høgskulen på Vestlandet tek oss tilbake til ein periode på nærare 600 år med Noreg i unionstid.
I 1319 døydde den siste norske kongen av Sverreætta. Det markerte slutten på den såkalla storheitstida for det norske riket og byrjinga på ein nærare 600 år lang periode der Noreg inngikk i unionar med anten Sverige eller Danmark – eller i periodar begge. Den klassiske forteljinga er at unionstida hang tett saman med ein tanke om Noreg sin nedgong i seinmiddelalderen. Men kva var eigentleg desse ulike unionane for noko, og var denne perioden eigentleg ei lang “natt” for det norske riket?
Foredragsrekka held fram:
Måndag 20. februar kl. 18: Seksuell kriminalitet på 1700-talets Noreg ved Susann Holmberg
Onsdag 1. mars kl. 18: Meteorologien si historie i Noreg ved Yngve Nilsen
Onsdag 15. mars kl. 18: Økologi i atomalderen ved Håvard Brede Aven