Slik låner du

Bli lånar

  • Alle med fast adresse i Norge kan få gratis lånekort på biblioteket. Ta med legitimasjon når du kjem på biblioteket, så lagar me lånekort til deg.
  • Du kan velja om du vil ha eit nasjonalt lånekort som du kan bruka på bibliotek i heile landet, eller om du vil ha eit lokalt lånekort som du berre kan bruka på biblioteka i kommunen. For å få eit nasjonal lånekort, må du registrera deg med fødselsnummer eller DUF-nummer.
  • Du kan òg registrera deg som lånar på nett. Når du identifiserer deg ved hjelp av ID-porten (BankID, MinID eller liknande), får du eit digitalt nasjonalt lånekort. Som digital nasjonal lånar har du tilgang til nasjonale bibliotektenester som Biblioteksøk og Filmbib. Når du har registrert deg, må du ta med legitimasjon når du kjem på biblioteket. Då knytter me deg opp til Sogndalsbiblioteka, og du vil få tilgang til fleire av biblioteket sine tenester.
  • Skular, barnehagar og andre institusjonar får lokale lånekort. Lånekortet blir registrert på institusjonen sitt namn (klasse, avdeling) med ein ansvarsperson.
  • Barn får lånekort når dei byrjar på skulen. Barn under skulealder må låna på føresette sitt lånekort. Barn under 15 år må ha underskrift frå føresette for å få lånekort.
  • Dersom du har eit nasjonalt lånekort frå eit anna bibliotek, kan du bruka dette på biblioteka i Sogndal kommune.

Mi side og Bibliofil-appen

Når du lastar ned bibliotek-appen Bibliofil, får du det digitale lånekortet ditt på mobilen. I tillegg får du enkel tilgang til låna dine og andre av biblioteket sine tenester. Du kan òg logga deg inn på Mi side på biblioteket si heimeside for å få tilgang til å fornya lån og bestilla bøker. Logg deg på med lånenummeret ditt som brukarnamn (dette står under strekkoden på lånekortet) og PIN. Kontakt gjerne biblioteket dersom du treng hjelp.

  1. Last ned appen på App Store eller Google Play.
  2. Velg «Vestland fylke» og deretter «Sogndal bibliotek».
  3. Logg på med lånenummer og PIN. Dersom du manglar lånenummeret ditt eller har gløymt PIN, ta kontakt med biblioteket.

Finn det du vil låna

Søk i biblioteket si samling for å finna bøker og anna materiale. Når du har funne det du ønskjer, kan du leggja inn bestilling og henta det du har bestilt på biblioteket. Dersom du ikkje finn det du leitar etter, ta gjerne kontakt med biblioteket. Me bestiller gjerne inn materiale frå andre bibliotek til deg.

Lån frå andre bibliotek/Biblioteksøk

Du kan bestilla bøker sjølv på Bibsok.no når du vil søka etter bøker frå alle bibliotek i Norge. Logg inn med lånenummer og pinkode, og vel deg eit hentebibliotek (til dømes Sogndal bibliotek). Du får e-post eller SMS når du kan henta det du har bestilt. For å nytta deg av denne tenesta, må du ha nasjonalt lånekort og pinkode.

Lånereglar

  • Det er gratis å låna på biblioteket.
  • Lånetida er til vanleg 4 veker, med nokre få unntak.
  • Du kan fornya låna dine sjølv i Bibliofil eller kontakta oss på e-post eller telefon for å be om fornying.
  • Dersom lån ikkje er innlevert når lånefristen går ut, sender me ut ei påminning. Dette for å sikra at biblioteket sine samlingar er tilgjengelege for flest mogleg lånarar.
  • Etter 3 purringar må materiale som ikkje er levert erstattast etter gjeldande minstesatsar.
  • Lånereglar for biblioteka i Sogndal kommune. 

Personvern

Personvernerklæring. Biblioteka i Sogndal kommune har ansvaret for at dei personopplysningane me får, til ei kvar tid blir handsama i samsvar med personopplysningslova.

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Personverninformasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close