Kulturhistorisk leksikon
Kulturhistorisk leksikon frå Fylkesarkivet i Vestland har mange artiklar frå Sogndal og fylket elles. Her kan du søka etter kulturminne, historiske hendingar og personar frå Vestland.
Lokale forfattarar
Dialektbasen for Sogndal
I dialektbasen for Sogndal kan du forska på sogndalsdialekta. Her finn du samtalesnuttar med sogndøler i ulike aldrar frå opptak gjorde i 1996, 2001, 2016 og 2017. Ein kan lytta til opptaka og mellom anna samanlikna utviklinga i skule, fritid og oppvekst i Sogndal gjennom om lag 100 år. Ragnhild Lie Anderson er fagleg ansvarleg for dialektbasen.
Slektsgransking
Biblioteket sine framlegg til nyttige nettstader for slektsgranskarar:
- Fylkesarkivet i Vestland. Her kan du mellom anna søka i digitaliserte fotoarkiv, private og offentlege arkiv, og du kan søka etter musikk og stadnamn. Du kan òg søka på persondata frå kyrkjebøker og folketeljingar frå Sogn og Fjordane. Her finn du og databasar med historiske foto som ofte har personopplysningar.
- Digitalarkivet. Digitalarkivet er Arkivverket sin publiseringskanal for arkivmateriale. Her kan du finna folketeljingane frå 1801, 1865, 1875, 1900, 1910 og 1920. I tillegg finn du skanna kyrkjebøker, tinglysingsdokument og skiftemateriale.
- Slektogdata.no. “Slekt og data” er Norge sin største organisasjon for slektsforskarar. Dette er eit forum for for organisasjonen “Databehandling i slektsforsking”. Dei tek opp aktuelle emne for slektsforskarar og arrangerer møte om dette. DIS Norge gir ut tidsskriftet “Slekt og data”.
Artiklar i tidsskrift og årbøker frå Sogn og Fjordane
Dersom du ønskjer å søka i lokalhistoriske artiklar frå gamle Sogn og Fjordane, kan du søka i fylkeskommunen sin database på nett: Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane, også kalla Fjognedok.
Lokalhistorisk arkiv
- Kommunalt arkivmateriale: Det eldre arkivmaterialet for Sogndal kommune frå 1837 til om lag 1970-80 vert oppbevart hos Fylkesarkivet i Vestland på Leikanger. Noko av det kommunale arkivmaterialet er digitalisert av Fylkesarkivet.
- Privatarkiv: Arkivmateriale frå lag, organisasjonar og privatpersonar i Sogndal kommune vert òg oppbevart i Lokalhistorisk arkiv. Alt arkivmateriale som ikkje er klausulert kan du be om å få sjå i biblioteket. Du må fylla ut eit skjema med namnet ditt, kva du ønskjer å sjå og kva du skal bruka det til. Arkivmateriale kan ikkje lånast med heim.
Dersom du har, eller veit om nokon som har, møteprotokollar eller ringpermar med arkivmateriale frå t.d. eit lag eller ein organisasjon som er lagt ned eller har utskrivne møtebøker, kan dei leverast inn for oppbevaring ved Lokalhistorisk arkiv. Ta gjerne kontakt med biblioteket, tlf. 57 62 96 60 eller epost til sogndalbib@sogndal.kommune.no.
Fylkesleksikon
Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane vart i 2015 overteke av det nynorske digitale leksikonet Allkunne.no.
Fylkesarkivet i Vestland
På Fylkesarkivet i Vestland kan du mellom anna søka i digitaliserte fotoarkiv, private og offentlege arkiv, og du kan søka etter musikk og stadnamn.