For 750 år sidan fekk Noreg si første landsdekkande lov, men kva veit du eigentleg om den?  I år feirar Noreg Landslovjubileet og i det høvet har me samla nokre fakta om Landslova som viser kvifor den fortener å feirast.

Prolog til Landslova frå Codex Hardenbergianus

Lisens: Falle i det fri (Public domain)

Landslova var den første felles lovboka i Noreg, oppretta under kong Magnus Lagabøte (r. 1263-1280) i 1274. Tidlegare var det ingen felles lov som gjaldt for heile landet, lovane var gitt av dei regionale lagtinga. Dei fire lagtinga (Frostating, Gulating, Eidsivating og Borgarting) vart erstatta av denne nye landsdekkande lovboka. Sjølv om Landslova erstatta dei gamle lovene var den i stor del bygd på dei dåverande lovbøkene. Kong Magnus skreiv både ein prolog og ein epilog til lovboka og her gjer han det klart at han jobba med det teksten kallar “dei beste menn” og at han reiste rundt til lagtinga for å få lovane lest opp og vedteke. 

Landslova var den tredje landsdekkande lova i Europa. Den følgde Sicilias Liber Augustatis under Fredrik II i 1231 og Castillas Siete Partidas under Alfonso X i 1265. Landslova gjaldt ikkje berre for Noreg, den var også i bruk i Orknøyane, Shetland og Færøyane, mens Island fekk is eiga lovbok (Jónsbók) i 1281. Landslova var retta mot landdistrikta og vart følgd av to andre landsomfattande lover i 1276; Bylova for byar og kjøpstader, og Formannslova som regulerte sjørett og sjøfart.  

 Landslova varte i fleire hundre år, det var først i 1687 at den vart erstatta av Christian Vs Norske Lov. Dette betyr at den har liten innverknad på moderne norsk lov, men den visser til viktige historiske utviklingar i Noreg. Magnus og faren Håkon Håkonson brukte mykje av si regjeringstid til å sentraliserte makta som før hadde vært spreidd rundt i dei regionale tinga og bondesamfunnet i kongemakta. Fleire europeiske land gjekk gjennom likande prosessar i desse tidene der makta vart sentralisert hos kongen, og med Landslova vart det gjort klart at det no var kongen som var lovgjevaren i landet. 

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Personverninformasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close