Sogndal kommune er opptatt av å verna personopplysingane dine. Difor handsamar me dei i samsvar med den gjeldande personopplysingslova. Denne personvernerklæringa skildrar kva for personopplysingar me registrerer når du blir lånar hjå oss, nyttar “Mi side” og vitjar denne nettstaden (seinare omtalt samla som «tenestene våre»).
Me oppmodar deg til å lesa grundig gjennom denne personvernerklæringa.
- Behandlingsansvarleg
- Personopplysingar
- Kor lenge lagrar vi personopplysingar?
- Opplysingar du gir oss
- Nasjonalt lånarregister
- Lånehistorikk
- Informasjonskapslar/cookies
- Innsyn og sletting av personopplysingar
Behandlingsansvarleg
Sogndal kommune er ansvarleg for handsaming av personopplysingar i samband med tenestene våre. Dersom du har spørsmål eller kommentarar til personvernerklæringa eller rettane dine etter personopplysingslova, kan du kontakta oss på sogndalbib@sogndal.kommune.no eller telefon 57 62 96 60. Du kan òg finne meir informasjon på Sogndal kommune sine sider.
Personopplysingar
Med personopplysingar meiner me opplysingar som kan knytast til deg som enkeltperson.
Kor lenge lagrar me personopplysingar?
Avhengig av kva som er det rettslege grunnlaget for handsaming av personopplysingane dine, vil dei bli lagra til du seier opp låneavtalen, eller trekker tilbake eit samtykke.
Me ønskjer å sletta opplysingar for lånarar som er inaktive i ein lengre periode. Per i dag kan me ikkje sjå om lånekortet har vore nytta til innlogging i digitale tenester, og kan difor ikkje vurdera om ein låneavtale er «aktiv». Når det kjem på plass ein funksjonalitet som gjer at me kan sjå dette, vil me definera kor lang tid personopplysingane skal lagrast etter at ein låneavtale har vore i bruk.
Personopplysingar knytt til fakturaer og betaling vert lagra i 10 år, fordi dette er eit krav som følgjer av rekneskapslovgjevinga. Me deler ikkje personopplysingane dine med andre, med mindre dette vert sagt uttrykkeleg.
Opplysingar du gir oss
Biblioteket handsamar personopplysingar du sjølv gir oss. Det rettslege grunnlaget for slik handsaming er låneavtalen (GDPR artikkel 6 nr 1b – «behandlingen er nødvendig for å oppfylle en avtale som den registrerte er part i»).
For å låna bøker og andre medium eller nytta mange av dei andre av tenestene våre, må du ha eit lånekort. Du får eit slikt kort når me registrerer deg som lånar. Dersom du har nasjonalt lånekort frå eit anna bibliotek, kan me knyta det til biblioteket vårt. Du treng ikkje meir enn eitt nasjonalt lånekort. Dei same opplysingane vert handsama anten me registrerer deg som ny lånar, eller me knyter eit lånekort du allereie har til biblioteket vårt. Når me registrerer deg som lånar, vil me samla inn og lagra opplysingane dine om fornamn, etternamn, kontaktinformasjon (adresse, epost og telefonnummer), fødselsdato og fødselsnummer/ID-nummer og heimebibliotek (det biblioteket du nyttar mest).
Me treng namnet ditt og kontaktinformasjon for å administrera lån, og dermed oppfylla avtalen me har med deg. Me treng fødselsdatoen din fordi den bestemmer kva du kan låna av oss og kva for rettar du har. Vidare samlar me inn fødselsnummer/ID-nummer for å kunne kopla deg til nasjonalt lånerregister. Fødselsnummeret er naudsynt for eintydig identifikasjon av personar. Du kan reservera deg mot å oppgi heile fødselsnummeret ditt, men da kan me berre gi deg eit lokalt lånekort. Dette lånekortet gjeld berre i vårt bibliotek.
Nasjonalt lånarregister
Dette er ein nasjonal database med personopplysingar om bibliotekbrukarar. For at ein skal kunne bruka nasjonale lånekort, vert lånarane registrerte i ein felles database. I denne databasen vert det lagra opplysingar om:
- Lånarnummer
- Fødselsdato
- Kjønn
- Kryptert fødselsnummer
- Namn
- Inntil to postadresser
- Telefonnummer
- E-postadresse
- Føretrekt kontaktmetode: brev, e-post eller SMS
- Heimebibliotek: det biblioteket du bruker mest
- PIN-kode for sjølvbeteningsautomatar og biblioteka sine web-løysingar
- Opplysingar om kva for bibliotek lånaren er knytt til
Det vert ikkje lagra opplysingar om utlån, reserveringar eller andre tilhøve mellom lånaren og det enkelte biblioteket i denne basen. Ingen av opplysingane i Nasjonalt lånarregister er sensitive etter personopplysingslova. I Nasjonalt lånarregister er det lagt vekt på å følgja reglane for handsaming av personopplysingar:
- Adresseopplysingane dine vil ikkje bli selde eller gitt vidare til andre.
- All kommunikasjon mellom det enkelte biblioteket og det nasjonale lånarregisteret er kryptert og beskytta av brukarnamn og passord.
- Opplysingane vil bli oppbevart til lånaren krev dei fjerna, eller eit av biblioteka lånaren er knytt til får melding om dødsfall.
- Nasjonalbiblioteket er behandlingsansvarleg for opplysingane i nasjonalt lånarregister.
- Du kan sjå kva for opplysingar som er lagra om deg ved å logge deg inn på https://nb.bib.no/ med lånarnummer og pinkode/passord eller med bankID el.l..
- Du kan krevja opplysingane endra eller sletta i alle bibliotek der du nyttar kortet.
Lånehistorikk
Standardinnstillinga i biblioteksystemet er at opplysingar om kva du låner vert sletta når du leverer tilbake lånet, eller betaler erstatning for materiale som er tapt eller skada medan du har disponert det. Du kan gå inn i innstillingane og slå på (og av) lagring av lånehistorikk.
Lagring av lånehistorikk inneber at systemet lagrar informasjon om låna dine. Informasjonen inkluderer informasjon om materialet som vert lånt, dato og klokkeslett for utlån og innlevering og kva for bibliotek/filial materialet vert lånt eller levert tilbake ved. Du kan logga deg inn på Mi side i Bibliofil-websøket eller Bibliofil-appen og velja at systemet skal hugsa lånehistorikken din. Eit slikt aktivt val er å rekna som samtykke. Viss du seinare ombestemmer deg og vel bort lagring av lånehistorikk, vil heile historikken bli sletta.
Utlånssystemet for e-bøker (BookBites) lagrar lånehistorikken din utan å spørja først, men du kan skru den av under Min profil.
Informasjonskapslar/cookies og lokalt lager
Det rettslege grunnlaget for bruk av informasjonskapslar er GDPR artikkel 6 nr 1f), som tillet handsaming av opplysingar som er naudsynte for å ta i vare ei rettkommen interesse, som veg tyngre enn omsynet til personvernet for den enkelte. Interessa er å forbetra tenestene våre.
Nettstaden
Me nyttar informasjonskapslar på nettstaden vår. Føremålet er å gjera brukaropplevinga betre for deg og gje oss høve til å forbetra tenestene våre. Informasjonskapslane lagrar mellom anna informasjon du legg inn og vil at nettsida skal hugsa (t.d. brukarnamn, passord), slik at du slepp å skriva det inn kvar gong du vitjar nettstaden.
Informasjonskapslar er små tekstfiler som vert plasserte på datamaskina di når du vitjar ei nettside. Me lagrar ikkje informasjon som gjer at me kan identifisera deg som person.
Det er frivillig for deg som nyttar nettstaden å oppgje personopplysingar i samband med tenester, til dømes å motta nyheitsbrev eller å senda inn skjema. Behandlingsgrunnlaget er i slike høve samtykke frå deg. (GDPR artikkel 6 nr 1a) – «den registrerte har samtykket til behandling av sine personopplysninger for ett eller flere spesifikke formål»)
Dersom du vitjar denne nettstaden, så samlar me inn opplysingar om besøket gjennom verktøyet Matomo. Denne informasjonen inneheld ikkje brukarspesifikke detaljar. Døme på kva statistikken gir svar på, er kor mange som nyttar ulike sider på nettstaden, kor lenge besøket varar, kva for nettstadar brukarane kjem frå og kva for nettlesarar som vert nytta.
Sider og artiklar på denne nettstaden kan ha innebygd innhald (t.d. videoar, bilete, deling i sosiale medium) frå andre nettstader. Slikt innhald vil fungera som om du var på den andre nettstaden. Desse andre nettstadene nyttar truleg også informasjonskapslar som samlar data og sporar deg.
Kva kan du gjera?
Alle nettlesarar gjer det mogleg å avgrensa kva informasjonskapslane kan gjera. Dette kan du stilla inn under tryggleik og personvern i nettlesaren sine innstillingar. Nettlesaren lar deg også sjå over dei informasjonskapslane som er lagra på datamaskina, og gir deg høve til å sletta dei. Dersom du ønskjer å blokkera Google Analytics frå å spora deg, kan du nytte Google sitt nettlesar-tillegg: Google Analytics Opt-out Browser Add-on.
Utlånssystema
Biblioteksystemet nyttar både informasjonskapslar og lokalt lager i nett-tenestene og web-appen. Dette vert nytta for å tilpassa brukaropplevinga, mellom anna ved å gi høve til at nettlesaren kan hugsa påloggingsinformasjon. Lokalt lager vert nytta der det er mogleg, og informasjonskapslar vert berre nytta der det er behov for slik funksjonalitet. Dersom lånaren ikkje godtek bruk av informasjonskapslar, kan dette skruast av i nettlesaren, men då vil det vera vesentlege funksjonar i nett-tenestene som ikkje vil fungera. Lokalt lager er lokalt lagra informasjon i nettlesaren. Denne informasjonen er tilgjengeleg for programmet som utformar nettsida i brukaren sin nettlesar. Innhaldet i det lokale lageret vert ikkje lasta opp til nettstaden. Ein del av det lokale lageret (sesjonslageret) vert tømt når nettlesaren vert lukka. Den andre delen av det lokale lageret er permanent, og vert ikkje tømt.
BookBites
BookBites nyttar informasjonskapslar. Føremålet er å gjera brukaropplevinga betre for deg og gje oss høve til å forbetra tenestene våre. Leverandøren kan også bruka opplysingane i samband med utvikling av nye produkt og tenester.
Døme på opplysingar me samlar inn er:
- Opplysingar om korleis du nyttar tenestene våre
- Loggfiler med opplysingar om dato og tidspunkt for pålogging, og kor lenge vitjinga varte.
- IP-adresser
- Opplysingar om hendingar på eininga, til dømes nedetid, systemaktivitetar, nettlesartype, nettlesarspråk, dato og tidspunkt.
- Informasjonskapslar som identifiserer din unike nettlesar eller eining.
Handtering av informasjonskapslar
På nettvett.no kan du lesa om korleis du kan handtera informasjonskapslar, og få tips til sikrare bruk av internett
Innsyn og sletting av personopplysningar
Du kan krevja innsyn i opplysingane me lagrar om deg, og krevja at dei vert retta om du finn feil. Du kan også avslutta låneavtalen din med oss når du vil, og be om at vi slettar personopplysingane dine. Det er ein føresetnad at alle lån er leverte tilbake, og at eventuelle rekningar er gjort opp, slik at me ikkje lenger treng opplysingane for å oppfylla avtalen.
Du kan logga inn på Mi side for å få oversikt over det meste av opplysingane biblioteket har om deg. Om du vil ha utvida innsyn i personopplysingane dine, eller ønskjer sletting av informasjon, kan du kontakta biblioteket ditt. Det er mogleg å senda ein offisiell klage til Datatilsynet dersom du meiner at handsaminga av personopplysingane dine strid mot personopplysingslova.