Rom og utstyr

Dei tre biblioteka i kommunen er plasserte i kommunen sine tre tettstadar, Sogndal, Leikanger og Balestrand. Avdelingane er av ulik storleik og har ulikt innhald og noko ulike tilbod. I alle avdelingane kan du finna barne- og ungdomsavdeling, ein liten lesekrok og fag- og skjønnlitteratur for vaksne.

Lån av lokale

I Leikanger og Sogndal kan biblioteket sine lokale lånast. Lokale lag og organisasjonar kan be om å låna biblioteka sine lokale utanom opningstid. Lån av lokalet er gratis. Ta kontakt med den aktuelle avdelinga for å avtala nærare.

PC, trådlaust nettverk, kopiering, skanning

Biblioteka har trådlaust nett, samt stasjonære datamaskiner til gratis bruk for publikum. I biblioteka kan du få hjelp med utskrifter og kopiering. Biblioteket i Sogndal har og skannar tilgjengeleg. Skanning av dokument til e-post er gratis, medan utskrifter og kopiar kostar kr. 2 per side (svart/kvitt) og kr. 5 per side (farge). Du kan betala kontant eller med Vipps.

 

Utstyr i Sogndal

  • I Sogndal kan du finna aviser og tidsskrift tilgjengelege i biblioteket. Dagens aviser finn du ved inngangen til biblioteket i foajeen i Kulturhuset. Tidsskrift finn du inne i biblioteket.
  • Biblioteket har ikkje lesesal, men me kan tilby nokre arbeidsplassar i biblioteklokalet.
  • Biblioteket har brettspel til bruk i biblioteket. I barneavdelinga er det sjakk og Ludo tilgjengeleg.
  • Biblioteket har ei lokalhistorisk samling og arkiv.

Utstyr i Leikanger

  • Her finn du eit utval aviser som kan lesast i biblioteket, samt eit godt utval tidsskrift.
  • Ein PC til utlån, med tilgang til skrivar.
  • Ungdomsrom som kan nyttast i biblioteket sine opningstider.
  • Sal av Simasprodukt.

Utstyr i Balestrand

  • Her kan du finna eit lite utval spel og brettspel.
  • Biblioteket har 1 PC tilgjengeleg og ein arbeidsplass for dei som ynskjer studieplass.
  • I samarbeid med Hjelpekorpset tilbyr biblioteket utlån av langrennsski. Ta kontakt for meir informasjon.

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Personverninformasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close