Korleis kan vi leve på ein god måte i mot- og medgang? Denne artikkelen handlar om eit utval av kjelder innan populærpsykologi og sjølvhjelpslitteratur. Bøkene kan du låne på biblioteket, og mange av dei finst som e-bøker i Bookbites. I tillegg finst mange gratis podkastar og appar som kan vere til hjelp. 

I løpet av livet vil vi alle møte vanskar, og gjennom historia har forteljingar, frå religiøse skrifter til eventyr og Shakespeare, vore opptekne av korleis vi kan løyse utfordringar. I vår del av verda har psykologar og andre «mentaltrenarar» fått sterkare innverknad på kompassnåla for livskartet.

Å kjenne på kjenslene 

«Mangt skal vi møte og mangt skal vi mestre», syng Erik Bye i «Vår beste dag» (youtube.com).
I boka «Kunsten å lede seg selv», av Randi B. Noyes, legg forfattaren vekt på «emosjonell intelligens», slik at kvart menneske kan leve meir i samsvar med eigne behov. Eitt av hennar råd er å skrive dagboktekstar om det som er vanskeleg, for å sjå det klarare. Dette kan hjelpe oss i relasjonar i arbeidslivet og elles. «Kunsten å lede seg selv» har kome i fleire utgåver (bokelskere.no).

Nokre gongar er problema så store at ein treng hjelp av fagfolk som psykolog, eller i samtale med andre ein har tillit til. Bøker i denne sjangeren kan få kritikk for å ta for lett på komplekse samanhengar og bruke enkelthistorier som bevis for teoriar. Det hjelper også lite å søke innover for å løyse eit konkret samfunnsproblem.

you`re not lost, you`re here, foto av skilt

Korleis snakkar du eigentleg til deg sjølv? Mange bøker kan gi inspirasjon og tankar som kan vere gode å ta med seg når livet byr på utfordringar.

Brukt med vett, kan dei beste sjølvhjelpsbøkene gi inspirasjon og tankar som kan vere gode å ta med.
Eit utval bøker finn du i denne artikkelen, med lenker til podkastar om temaet frå Stavanger bibliotek (sølvberget.no).
Ein av titlane i lista er «Wild» av Cheryl Strayed, som på norsk har tittelen «På ville veier». Det er ein sjølvbiografi om ei kvinne som legg ut på ei av dei lengste vandrerutene i USA. «Bokanmeldelse: På ville veier» (bokelskerinnen.com). Filmen som er laga frå boka er verd å sjå. Wild, critic rewievs (rottentomatoes.com).

Psykolog Peder Kjøs, kjend frå program på tv og i radio kan du høyre i podkasten «Hos Peder» (nrk.no), der han møter menneske som på kvar sine måtar trenger hjelp til å takle utfordringar i livet. Han har også skrive bøker om psykisk helse. «Selvmedfølelse : finn din indre venn» er ei bok av Agneta Lagercrantz, som handlar om korleis vi snakkar til oss sjølve. Her er eit lydopptak der ho fortel om innhaldet: Självmedkänsla med Agneta Lagercrantz (shows.acast.com).

Mental styrketrening i eit fellesskap

Oppmerksamt nærvær er ei norsk nemning for mindfulness. Michael de Vibe seier at ein viktig del i nærværet er å finne balanse mellom å gjere og å vere. Når ein finn ro, kan ein styrke relasjonen til seg sjølv, som igjen kan hjelpe til å komme i kontakt med andre. Ein øver eigen- og nestekjærleik og takksemd, og pusten er eit anker i kroppen. Nokre foredrag og øvingar finn du her: «Sinnsro, en podcast fra nærvær.no» (soundcloud.com).

Skogssti mot lysning, foto

Mange trenar på å finne sinnsro, på same måte som dei trenar restan av kroppen.

Brené Brown er ein amerikansk samfunnsforskar som vart kjend gjennom TED-foredraget «The power of vulnerability» (ted.com). Der snakkar ho mellom anna om redsla for å ikkje høyre til og at å vise sårbarheit er ein styrke i kontakt med andre. Journalisten Kathrine Aspaas er inspirert av Brené Brown. Aspaas har «mental styrketrening» i podkasten «Oppdrift» (kathrineaspaas.no). 

Det å møte andre menneske for å snakke om livsvanskar kan ein gjere i organiserte fellesskap. Mellom anna har «Selvhjelp Norge» grupper i Bergen og Sogn (selvhjelp.no).
Digitale psykisk helseprogram finn ein mellom anna i appen «Tankevirus» (tankevirus.no).  Fem filmar er laga til temaet «Hverdagsglede» (psykiskhelse.no).
Sinn og kropp heng i saman, og det å gå ein tur eller anna lett trening kan vere til hjelp, og her er ein artikkel med treningstips (bibliotekartiklar.no).

Vandre lukkeleg inn i solnedgangen?  

I eventyret sluttar det ofte godt, etter at hovudpersonen har overvunne hindringane. I livet kjem det gjerne nye utfordringar, men forståing for eigne reaksjonsmønster kan gjere det lettare å møte det som kjem. Slik som i songen «Optimist» (youtube.com).
I ein podkast frå litteraturhuset i Trondheim kan vi høyre ein klok samtale med den islandske forfattaren Jón Kalman Stefánsson om livet og litteraturen (soundcloud.com).

Den amerikanske teologen Reinhold Niebuhr laga ei bøn om sinnsro (wikipedia.org). Ho startar slik:
Gud, gi meg sinnsro til å akseptere
det eg ikkje kan endre,
mot til å endre det eg kan,
og forstand til å sjå forskjellen.

Tekst: Helge Skurtveit, bibliotekutvikling Vestland
Bilde heading: Luis Fernandes, Pexels
Bilde i artikkelen 1: Eileen Pan, Unsplash
Bilde i artikkelen 2: Helge Skurtveit


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Bibliotekutvikling Vestland

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Personverninformasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close