Besøk av skuleklassar på biblioteket
Skuleklassar er velkomne til å komma på biblioteket. Kontakt biblioteket dersom du ønskjer å ta med klassen din med på besøk. Kvart år får 2., 6., og 8. klasse særskild invitasjon til å koma på klassebesøk på biblioteket, men alle klassar er velkomne.
Eit klassebesøk kan innehalda:
- kort orientering om biblioteket og barneavdelinga eller ungdomsavdelinga
- få hjelp og rettleiing til å finna bøker
- bokprat og/eller høgtlesing
Bokkassar
Me lagar gjerne til bokkassar som kan brukast i klassen. Bokkassane kan innehalda både skjønnlitterære bøker (barne- og ungdomsromanar, lettlesbøker eller biletbøker) og faktabøker.
Klassesett
Lærarar kan låna klassesett med bøker til bruk i undervisninga frå Bibliotekutvikling Vestland. Eit ordinært klassesett består vanlegvis av 25-30 eksemplar av same bok, men ein kan også låna gruppesett, som består av 5-15 eksemplar av same bok. Du bestiller klassesett/gruppesett sjølv og hentar bøkene på eitt av biblioteka i Sogndal kommune.
Barnehagar på biblioteket
Barnehagane er velkomne til å besøka biblioteket. Me gjev gjerne tips om gode og nye biletbøker og hjelper til med å finna litteratur som passar til ulike tema barnehagen jobbar med.
Barnehagebibliotek
Fleire av barnehagane i Sogndal kommune har sitt eige barnehagebibliotek. Ta kontakt med biblioteket om barnehagen din ønskjer å få eit lite minibibliotek. Då leverer me frå biblioteket bokkassar i barnehagen, slik at barn og foreldre kan låna bøker med seg heim. Bøkene blir bytta ut nokre gonger i året. Me kan òg ha ei lita lesestund når me leverer bøker i barnehagen, ta kontakt på førehand om dette er ønskjeleg.