Logo Filmoteket

filmoteket.no kan du strøyma filmar, heilt gratis! Logg på med det nasjonale lånekortet ditt og snurr film!

Du kan velja mellom norske, nordiske, europeiske og internasjonale titlar for barn, unge, familiar, vaksne og seniorar. Du finn klassikarar, filmatiserte bøker, store Oscar-vinnarar og dei smalare titlane. Du kan låna 5 filmar i månaden, filmane er tilgjengelege i dine lån i 48 timar. Du kan spela av filmane  på alle plattformar i alle nettlesarar, og du kan overføra dei til større skjermar via AirPlay eller Chromecast.

For å strøyma filmar gjennom Sogndalsbiblioteka treng du eit nasjonalt lånekort med ei av Sogndalsbiblioteka sine avdelingar (Sogndal, Leikanger eller Balestrand) som heimebibliotek. For å finna ut kva som er ditt heimebibliotek, logg på Mine sider, eller bruk appen Bibliofil. Du kan sjølv laga deg nasjonalt lånekort på nett. Dersom du registrerer deg via ID-porten får du eit digitalt nasjonalt lånekort.

Slik gjer du:

  1. Gå til www.filmoteket.no
  2. Vel Logg inn i menylinja
  3. Klikk på Registrer ny brukar
  4. Tast inn lånenummer og PIN-kode/passord. Det same du nyttar for å logge på Mine sider/Bibliofil
  5. Fyll inn e-postadresse og vel passord. Dette passordet brukar du for å logga inn på Filmoteket
  6. Du får tilsendt ein e-post med bekrefting. Sjekk e-post og følg lenka
  7. Logg inn og snurr film!

Du kan finne meir informasjon om Filmoteket her.

Treng du hjelp med innlogging eller har andre spørsmål, ta kontakt med biblioteket ditt!

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Personverninformasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close