Rom og utstyr
Dei tre biblioteka i kommunen er plasserte i kommunen sine tre tettstadar, Sogndal, Leikanger og Balestrand. Avdelingane er av ulik storleik og har ulikt innhald og noko ulike tilbod. I alle avdelingane kan du finna barne- og ungdomsavdeling, ein liten lesekrok og fag- og skjønnlitteratur for vaksne.
Lån av lokale
I Leikanger og Sogndal kan biblioteket sine lokale lånast. Lokale lag og organisasjonar kan be om å låna biblioteka sine lokale utanom opningstid. Lån av lokalet er gratis. Ta kontakt med den aktuelle avdelinga for å avtala nærare.
PC, trådlaust nettverk, kopiering, skanning
Biblioteka har trådlaust nett, samt stasjonære datamaskiner til gratis bruk for publikum. I biblioteka kan du få hjelp med utskrifter og kopiering. Biblioteket i Sogndal har òg skannar tilgjengeleg. Skanning av dokument til e-post er gratis, medan utskrifter og kopiar kostar kr. 2 per side (svart/kvitt) og kr. 5 per side (farge). Du kan betala kontant eller med Vipps.
Utstyr i Sogndal
- I Sogndal kan du finna aviser og tidsskrift tilgjengelege i biblioteket. Dagens aviser finn du ved inngangen til biblioteket i foajeen i Kulturhuset. Tidsskrift finn du inne i biblioteket.
- Biblioteket har ikkje lesesal, men me kan tilby nokre arbeidsplassar i biblioteklokalet.
- Biblioteket har brettspel til bruk i biblioteket. I barneavdelinga er det sjakk og Ludo tilgjengeleg.
- Biblioteket har ei lokalhistorisk samling og arkiv.
Utstyr i Leikanger
- Her finn du eit utval aviser som kan lesast i biblioteket, samt eit godt utval tidsskrift.
- Ein PC til utlån, med tilgang til skrivar.
- Ungdomsrom som kan nyttast i biblioteket sine opningstider.
- Sal av Simasprodukt.
Utstyr i Balestrand
- Her kan du finna eit lite utval spel og brettspel.
- Biblioteket har 1 PC tilgjengeleg og ein arbeidsplass for dei som ynskjer studieplass.
- I samarbeid med Hjelpekorpset tilbyr biblioteket utlån av langrennsski. Ta kontakt for meir informasjon.