Vaksenvennlege barnebøker

Mange av oss har vel hatt tider med høgtlesing av barnebøker ved leggetid, og det er ikkje alltid boka treff både lesar og tilhøyrar. Det fins likevel eit mellomskikte av bøker som gjev gode leseopplevingar både for born og vaksne.  Klassikarar frå Astrid Lindgren, Torbjørn Egner og co. er sikre vinnarar, men her kjem tre tips om nyare vaksenvennlege barnebøker eigna for høgtlesing. Leggetida vil ikkje bli den same.

Passar for yngre born: Rot og Bjørne-serien av Hege Østmo-Sæter Olsnes:

Rot og Bjørne drar på stranda (2021)
Rot og Bjørne drar på stranda (2021) Reserver boka her.

Morosame barnebøker om konflikt og venskap.
Rot og Bjørne er to gode venner som er heilt ulike. Rot er liten, impulsiv og uroleg mens Bjørne er stor, ettertenksam og roleg. Forskjellane dei imellom kjem tydeleg fram når dei teiknar, plukkar bær eller leikar gøymeleiken. Rot turar fram medan Bjørne tek seg god tid. Teikningane er ekspressive og konfliktane er valdsame, og slik blir det morosamt. Bøkene har ein slapstick-humor som treff både den vaksne og borna på same måte som Tom og Jerry-teiknefilmar. Det er lite tekst, noko som gjer rom for eigne tankar om kva som skjer. Situasjonane dreier seg rundt ein eller annan konflikt, og det har god overføringsverdi til borna sine eigne liv og kan gje ettertankar. I siste bok frå 2021 dreg dei to på stranda og blir fort ueinige om kva dei skal gjera.

For skuleborn: Over grensen (2012) av Maja Lunde

Over grensen - Maja Lunde
Over grensen (2012)
Reserver boka her.

Krigslitteratur for barn.
Maja Lunde er ein av Noregs største internasjonale forfattarar. I 2012 kom boka Over grensen ut. Den fortel om fire born og den farefulle ferda deira over grensa til Sverige. To av borna, Sarah og Daniel, er jødar som har budd i kjellaren til Otto og Gerd sin familie. Når foreldra blir arresterte må borna sjølv flykta. På vegen blir dei forfylgde av hirdmenn og tyske soldatar. Dei søkjer hjelp hos naboar og kjende, men kven kan dei stola på? Boka er skikkeleg spennande og svært lærerik på ein god måte. Fakta om krigen, heimefronten og jødeforfølginga blir skildra gjennom flukta på ein levande måte. Boka blei filmatisert i 2020, men som det ofte er, så er boka klart betre. Vaksne og born vil saman sluka kapittel for å fylgje den ville ferda mot grensa til Sverige med soldatar i hælane. Boka er ein fin inngang til å snakka om andre verdskrig.

For skuleborn: Rømlingene av Ulf Stark

Venskap på tvers av generasjonar.
Ein farfar som bannar og drikk øl, ligg no på pleieheim og lengtar tilbake til øya der han budde. Han ønsker å reisa til øya ein siste gong, og der få smaka syltetøyet kona hans pleidde å laga. Det er berre eitt glas igjen. Farfaren bestemmer seg. Han skal rømma frå pleieheimen, og barnebarnet Vesle-Gottfried blir innblanda i planane. Ein skikkeleg fluktoperasjon vert sett i stand og saman klarer dei to å koma seg til øya.

Ulf Stark si bok Rømlingene (2019)
Rømlingene (2019)
Reserver boka her.

Dei får tak i syltetøysglaset som farfaren seier skal vara livet ut. Det minner han om kona. Den strabasiøse ferda byr på mykje humor, men også eit djupt alvor. Det er klart at farfaren ikkje har lenge igjen å leva. Venskapet mellom Gottfried og farfar er rørande og fint. Tema som alderdom, venskap og den uunngåelege døden blir skildra svært bra og lesarane sit att med tankar om kor viktig det er å gripa dagen og ta vare på relasjonane i livet. Boka serverer alvorlege tema i ei lun og lett innpakning.

Samtlege bøker kan du låna på biblioteket. Hugs å registrera bøkene på www.Sommarles.no.

God lesestund!

Henta frå Askøy bibliotek og Odd Harald Opdal