For skular og barnehagar

Lesekort og leseknappar

Leseknappen

Leseknappen er eit tilbod til alle som går i 2. klasse i Sogndal kommune. Les ti bøker og få ein leseknapp!

Illustrasjonsbilete til Sommarles

Sommarles

Sommarles.no er ein digital lesekampanje for 1. – 7. trinn, som varer frå 1. juni til 31. august.

To barn som ser på bøker

Barnehagebibliotek og “tøyveskebibliotek”

Barnehagane kan ha sitt eige minibibliotek i barnehagen!

Bokkassar

Bokkassar til klasserommet

Skulane kan gjerne bestilla bokkassar som kan brukast i klassen. Bokkassane kan innehalda både skjønnlitterære bøker (barne- og ungdomsromanar, lettlesbøker eller biletbøker) og faktabøker.

Bokstabel

Bokprat til skuleklassar

Me på biblioteka vil gjerne formidla nye og gode bøker og tilbyr bokprat for klassar på skulane i kommunen.

Gruppe med barn

Den lokale kulturelle skulesekken

Biblioteket inviterer faste klassesteg til biblioteket i samband med den lokale kulturelle skulesekken.

Teikna illustrasjon. Barn og vaksne i gamaldagse klede som spring etter noko

Lesekroken

Lesekroken.no er ein digital eventyrportal med norske folkeeventyr på 22 språk. Portalen inneheld e-bøker og e-lydbøker med eventyr frå Asbjørnsen og Moe sine samlingar på bokmål, nynorsk, bokmål og samisk, samt 19 av dei mest vanlege framandspråka i Noreg.

Sprell: digitalt barnebokbibliotek på fire språk

Sprell: digitalt barnebokbibliotek på fire språk

Forskningsprosjektet “Sprell” ved Nasjonalt lesesenter har oppretta eit digital bibliotek med biletbøker på fire språk. Sju av desse bøkene er no fritt tilgjengelege og kan lesast på nett. Seks av biletbøkene er på nynorsk, ei på bokmål og alle er i tillegg tilgjengelege på polsk, litauisk og arabisk. Til kvar bok kan ein velja om ein vil lesa sjølv eller lytta til lydbok.