Bli lånar
Bibliotekkort
- Alle med fast adresse i Norge kan få gratis bibliotekkort på biblioteket. Du kan få nasjonalt lånekort, som kan nyttast i heile landet og er tilknytt nasjonalt låneregister med fødselsnummer, eller lokalt lånekort, som kan nyttast i Sogndal kommune.
- Du kan få nasjonalt eller lokalt lånekort i alle tre biblioteka i kommunen. Du fyller ut eit skjema med kontaktinformasjon, identifiserer deg med legitimasjon.
- Du kan òg registrera deg som lånar på nett. Når du identifiserer deg ved hjelp av ID-porten (BankID, MinID eller liknande), får du eit digitalt nasjonalt bibliotekkort. Når du har registrert deg, må du ta med legitimasjon når du kjem på biblioteket. Då knytter me deg opp til Sogndalsbiblioteka, og du vil få tilgang til fleire av biblioteket sine tenester.
- Dersom du har eit nasjonalt bibliotekkort frå eit anna bibliotek, kan du nytta dette på biblioteka i Sogndal kommune.
- Skular, barnehagar og andre institusjonar får lokale bibliotekkort. Desse blir registrerte på institusjonen sitt namn (klasse, avdeling) med ein ansvarsperson.
- Barn får bibliotekkort når dei byrjar på skulen. Dei må ha underskrift frå føresette på førehand. Barn under skulealder må låna på føresette sitt bibliotekkort.
Mi side og Bibliofil-appen
Ved å lasta ned appen Bibliofil, får du ditt digitale bibliotekkort, tilgang til MiSide og andre av biblioteket sine tenester på mobilen. Her får du oversikt over dine lån og kan bestilla og fornya lån. Logg deg på med lånenummeret ditt og PIN/passord.
- Last ned appen på App Store eller Google Play.
- Velg «Vestland fylke» og deretter «Sogndal bibliotek».
- Logg på med lånenummer og PIN. Dersom du manglar lånenummeret ditt eller har gløymt PIN, ta kontakt med biblioteket.
Finn det du vil låna
Søk i Sogndalsbasen for å finna det du vil låna. Her kan du legga inn bestilling på det du ynskjer låna og henta i biblioteket. Dersom du ikkje finn det du leitar etter i Sogndalsbasen, kan du kanskje finne det blant våre andre digitale tenester.
Fjernlån (innlån frå andre bibliotek)
Via Biblioteksøk kan du søka etter og bestilla bøker og anna materiale du ikkje finn i Sogndalsbasen. Tenesta er gratis, men lånar har erstatningsansvar dersom materialet ikkje blir levert attende eller er skadd. Erstatningssummar er bestemt av eigarbiblioteket.
Fjernlånstenesta er avhengig av transport mellom norske bibliotek, og det vil verta litt ventetid før materialet kjem til ditt bibliotek. For å minka presset på fjernlånstenesta har Nasjonalbiblioteket lagt fram nye retningslinjer for fjernlånsbestilling, og biblioteka i Vestland har utforma ei felles tenesteerklæring for fjernlån.
Lånaransvar
Lånaren kan ikkje overlata bibliotekkortet til andre. Kortet er personleg, og lånaren (eller lånaren sine føresette) er ansvarleg for alle lån som er registrert på eige bibliotekkort. Lånaren skal melda frå om adresseendring. Lånaren skal halda greie på lånt materiale og levera det attende i rett tid. Ved tap av bibliotekkort må ein betala kr. 25,- for å få nytt.
Lånereglar
- Det er gratis å låna på biblioteket.
- Lånetida er til vanleg 4 veker, med nokre få unntak.
- Du kan fornya låna dine sjølv i Bibliofil eller kontakta oss på e-post eller telefon for å be om fornying.
- Dersom lån ikkje er innlevert når lånefristen går ut, sender me ut ei påminning. Dette for å sikra at biblioteket sine samlingar er tilgjengelege for flest mogleg lånarar.
- Etter 3 purringar må materiale som ikkje er levert erstattast etter gjeldande minstesatsar.
- Lånereglar for biblioteka i Sogndal kommune.
Personvern
Personvernerklæring. Biblioteka i Sogndal kommune har ansvaret for at dei personopplysningane me får til ei kvar tid blir handsama i samsvar med personopplysningslova.