Arrangement og aktivitetar

Samarbeide med biblioteket?

Biblioteket har allereie eit godt samarbeid med lag, organisasjonar og institusjonar i nærmiljøet, og ynskjer å utvida samarbeidet. Dersom du har ein ide eller eit ynskje om arrangement eller aktivitetar som hadde gjort seg godt i biblioteket, ta kontakt med oss på sogndalbib@sogndal.kommune

Tilbod, arrangement og aktivitetar:

publikum framfor skjerm som syner framsida av boka "Matauk"

Arrangement

I arrangementskalenderen vår finn du ei oversikt over framtidige arrangement på biblioteka. Biblioteka i Sogndal kommune er ein uavhengig møteplass og arena for offentleg samtale og debatt. Med jamne mellomrom har me difor ulike arrangement, som forfattarbesøk, bokkafear, debattar, førelesingar og teateroppsetjingar.

Logo Sommarles.no

Sommarles

Sommarles er ein nasjonal, digital lesekampanje for alle born i 1. – 7. klasse, som varer frå 1. juni til 31. august kvart år. For å bli med på Sommarles går du inn på sommarles.no frå 1. juni og lagar deg ein profil.

Stedjestova i haustleg landskap

Det nynorske turbiblioteket

Alle kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane har kvar si dagsturhytte med eit nynorsk turbibliotek, som skal stimulera til lesing og gjera nynorsk barnelitteratur kjent og tilgjengeleg. I Sogndal kommune er det dagsturhytter både i Balestrand, Leikanger og Sogndal: Balabu i Balestrand, Orrabu i Leikanger og Stedjestova i Sogndal.

Forfattar Marius Horn Molaug framfor skjerm med teksten "verdens verste bibliotek - halloween"

Skular og barnehagar

For skular og barnehagar tilbyr biblioteket formidlingsbesøk til skulen eller barnehagen etter avtale, i tillegg til at faste klassesteg får invitasjon til å komma på biblioteket. Me på biblioteket kan òg koma på besøk på skulen for å snakka om bøker i ein klasse.

Serveringsfat og blomar framfor bokhylle

Bokkafé

Sogndal bibliotek held bokkafé der bibliotektilsette presenterer boktips. Bokkaféane er lagt til siste torsdag i månadane januar, februar, mars, september, oktober og november.

bøker i Skald sin serie av omsette klassikarar

Bok på døra

I samarbeid med besøkstenesta til Sogndal Røde Kors, tilbyr biblioteket i Sogndal tenesta Bok på døra. Personar som av ulike årsaker har vanskar med å koma seg på biblioteket sjølve, kan få levert bøker heim til seg, i staden for å koma på biblioteket. Tenesta er gratis. Dersom du ynskjer meir informasjon om Bok på døra, anten som brukar eller frivillig, ta kontakt med Sogndal bibliotek, tlf. 57 62 96 60.

Logo for Leser søker bok. Illustrasjon.

Leser søker bok

Leser søker bok er ein allianse som arbeider for at alle skal ha tilgang til god litteratur. Sogndal bibliotek er eit Bok til alle-bibliotek. Det inneber å gje eit godt tilbod til dei som tykkjer “vanlege bøker” er utilgjengelege. I Bok til alle-bibliotek skal ein finna bøker som er lette å lesa, og ein kan få råd om kva for bøker som passar best for ulike lesevanskar.

Bord fullt av bøker

Lesesirkel

Det er mange som er med i ulike lesesirklar rundt om i kommunen. Dei kan få hjelp av biblioteka til å finna lesetips og bestilla bøker til deltakarane. Ynskjer du å bli med i eller starta ein lesesirkel, kan biblioteket hjelpa med dette. Snakk med oss i skranken når du er innom eller kontakt oss på e-post: sogndalbib@sogndal.kommune.no

grøn plante i potte

Frø- og stiklingbibliotek

Frøbiblioteket er eit samarbeid mellom Sogndal bibliotek og Sogndal hagelag. Ordninga er tenkt som ein “frø- og stiklingsbyttestasjon”, der du kan ta med deg frø og stiklingar frå biblioteket og levera inn frø du vil dela med andre. Frøa du leverer pakkast i porsjonspakkar (avispapir, kaffifilte, m.m.) og merkast med frøtype. Ynskjer du å vita meir, snakk med oss i skranken i biblioteket.

Magnetbokstavar på rosa og blå bakgrunn

Språkkaféar

Snakkar du litt norsk og ynskjer å bli betre i språket? Vil du treffa nye menneske og nye kulturar? Kom og bli med på språkkafé! Språkkaféane er eit tilbod ved Sogndal bibliotek for dei som kan litt norsk, og ynskjer bli betre i språket og betre kjent med Sogndalssamfunnet. Ynskjer du meir informasjon om språkkaféane, anten som brukar eller som frivillig, snakk med oss i skranken i biblioteket.

Logo til Bokstart

Bokstart

Sogndalsbiblioteka og helsestasjonane i Sogndal kommune samarbeider om Bokstart. Alle barn i kommune får utdelt boka “Revungen” ved 8-månaderskontroll. Boka er utan tekst og fortel om ein dag i Revungens kvardag. Målet med Bokstart og samarbeidet mellom bibliotek og helsestasjon er å styrke foreldra si rollefor barna si språk- og identitetsutvikling, og å legge til rette for leselyst og barna si seinare lese- og skriveferdigheitar. Tidleg lesestart legg grunnlaget for vidare læring.