Utlånsfest kl. 8-18
Biblioteket flyttar ut av lokala våre på Sagatun, biblioteket pakkar ned bøkene og ventar i spaning på å flytte inn i nye lokale i januar 2025.
I samband med dette inviterer me til utlånsfest! Kom på biblioteket denne torsdagen og lån så mange bøker du klarar bære med deg heim og lever dei inn att i februar. Biblioteket held ope til kl. 18, det vert lett servering og underhaldning kl. 17.
Midlertidig bibliotek i Holmatunet
I dei tre månadane biblioteket er utan eige lokale har me fått låne eit rom i Holmatunet, og vil ha eit midlertidig bibliotektilbod der. Me vil kunne tilby eit avgrensa utval bøker, og bøker kan bestillast frå andre bibliotek og hentast på Holmatunet.
Meir informasjon om opning og opningstider kjem!