No er me i gang med “Tøyveskebiblioteket Les med meg!” i barnehagane i Sogndal kommune. Tøyveskebiblioteket gjer det lett å låna bøker, rett frå barnehagen.
Ta med ei tøyveske med fine biletbøker frå barnehagen, og lever denne tilbake på same stad etter ferdig lesing. Til glede for små og store!
Dette er ein enkel måte å få bøker til heimen, både for dei som ikkje har mange bøker heime frå før, og for dei som i ein hektisk kvardag ikkje alltid kjem seg på biblioteket.
Tøyveskebiblioteket er eit samarbeid mellom biblioteket og barnehagane. Biblioteket pakkar bøker i tøyvesker og køyrer ut til barnehagane, og barnehagane sørger for at tøyveskene får ei synleg plassering.
To barnehagar er med på ordninga så langt, men me vil gjerne ha med fleire! Kontakt biblioteket dersom barnehagen din ønskjer å ha tøyveskebibliotek: sogndalbib@sogndal.kommune.no.