Fredag 20.juni blir bibliotekavdelinga vår i Saften stengt for ei tid. Me skal flytte inn i nytt lokale i løpet av sommaren, og treng tid til å pakke ned, flytte og pakke ut!
Me håpar å vere i gang att i løpet av august, men det kan komme til å ta lenger tid. Hald auge med nettsida vår for oppdateringar.
Når biblioteket på Leikanger blir utilgjengeleg, kan alle lånarar nytte seg av biblioteket i Sogndal. Bøker kan lånast og leverast i Sogndal. Sommarlespremiar kan òg hentast i Sogndal.
Dersom du bestill bøker sjølv gjennom Sogndalsbasen eller Biblioteksøk, pass på at henteavdeling er satt til Sogndal bibliotek.
Har du spørsmål, finn du kontaktinformasjonen på våre heimesider.
Me beklagar ulempene dette medfører, men me gler oss til å opne att i eit nytt og fresht bibliotek!