Sommarlesfest 2025

Biblioteka inviterer alle Sommarlesarar i Sogndal kommune til Sommarlesfest!

Til no har de lese nesten 6000 bøker – me er imponerte!

I september feirar me all lesinga de har gjort i sommar med ein fest for dykk. Det vert fest i Sogndal, Leikanger og Balestrand – møt opp ved ditt bibliotek og bli med!

Sogndal bibliotek: 1. september kl. 18

Balestrand bibliotek: 4. september – klokkeslett kjem

Leikanger bibliotek: 6. september kl. 16 – Hugs å melde dykk på til leikangerbib@sogndal.kommune.no

Me ynskjer dykk ein god sommar og god lesing!