Avdelinga vår på Leikanger byrjar å ta form, men me treng noko meir tid for å få rydda oss på plass og sørge for at biblioteket er heilt klart.
Men frå no av kan bøker bestillast via våre nettsider og hentast frå hylla som de finn i ungdomsklubben sine lokaler, utanfor biblioteket.
Logg deg på i Sogndalsbasen, med lånenummer og PIN/passord, og reservér bøkene du ynskjer. Har du ikkje lånenummer og PIN/passord, kan du ta kontakt med biblioteket på e-post, eller ringe biblioteket i Sogndal. Me plukkar fram bøkene og gjer dei klar for deg. Når du får hentebeskjed, kan du finne bøkene ferdig utlånte på hylla utanfor biblioteket. Bøkene er merka med hentenummeret, som du finn i hentemeldinga du får på e-post eller SMS.
Det vil komme nærare beskjed om opning av biblioteket når me er klare.