Forbodne bøker- veka 2025

Ole Brumm, Sangen om den røde rubin, Brødrene Løvehjerte, Doctor Zhivago og Anne Franks dagbok. Kva har desse bøkene til felles? Dei har alle, ein eller stad i verda, vorte forbodne. 6.-12. oktober markerer me Forbodne bøker-veka i biblioteket.

Ytringsfridomen er under stadig større press, fleire stadar i verda. Forbodne-bøker veka skal bidra til å auke merksemda kring ytringsfridom og demokrati. Forbodne bøker-veka er med på å styrke beredskapen mot ulike formar for sensur, og er ei feiring av lesefridomen.

I USA og resten av verda har Forbodne bøker-veka vorte markert i ulik grad sidan 1982. Markeringa vart starta som ein reaksjon på aukande utfordringar kring sensur av bøker. I dag er det ein stor internasjonal koalisjon av ytringsfridomsorganisasjonar, bibliotek, forlag og bokhandlarar som er pådrivarar for Forbodne bøker-veka.

I løpet av denne veka vil du finne utstillingar av bøker som av ulike årsaker har blitt, eller forsøkt blitt, sensurert i ulike land. Bøkene i utstillingane syner eit utval av former for og grader av sensur, og sensur utført med meir eller mindre gode intensjonar.

Universitetet i Oslo er pådrivar av kampanjen i Noreg, og du kan finne meir informasjon og meir utfyllande lister over sensurerte bøker på deira nettsider. Finn du nokre av dine favorittbøker på lista, kanskje?