Utilgjengeleg heis i Holmatunet

I veke 3 (12. – 16.- januar) startar ei planlagt oppgradering av heisen i Holmatunet. Arbeidet er venta å være i tre til fire veker, og heisen vil difor ikkje vere tilgjengeleg i denne perioden.

Me beklagar ulempene dette medfører, men ser fram til ein meir stabil og driftssikker heis når arbeidet er ferdig.