I desse dagar går me over frå appen Bookbites til appen Biblio. Det er altså Biblio som blir appen for gratis lån av lyd- og e-bøker hjå Sogndalsbiblioteka.
Dei av dykk som er brukarar av Bookbites vil få ei sprett-opp-melding i appen som fortel dykk om Biblio. I Biblio loggar du på med same brukarnamn og passord som du brukte i Bookbites. Då får du med deg historikk, ventelister og dei bøkene du les no.
Dersom du ikkje har brukar i Bookbites frå før, er du hjarteleg velkommen til å opprette brukar i Biblio.
Dersom du treng hjelp eller har spørsmål, ta kontakt med biblioteket. Me hjelp deg gjerne!

