Norsk bibliotektransport er konkurs

14. april slo Norsk bibliotektransport (NBT) seg konkurs, og dette vil gå ut over fjernlånstenestene biblioteka kan tilby.

NBT har levert transporttenester for bibliotek i heile Noreg i ei årrekke, men må no slå seg konkurs. Det medfører at transporten som har gått mellom bibliotek i heile landet ikkje går lenger, og me får ikkje sendt frå oss eller motteke bøker. Det blir jobba med å finne ei erstatting, men per no er stoda uavklart og me avventar ny informasjon.

Konsekvensar dette får for deg som lånar:

  • Du får per no ikkje bestilt inn bøker frå andre bibliotek. Fjernlån vil bli avviste.
  • Dersom du allereie har bestilt bøker frå andre bibliotek så vil det ta tid før boka kjem, me kan ikkje sei kor lang tid det vil ta.
  • Dersom du har bøker som er lånt frå andre bibliotek kan du levere dei inn til oss, me tek vare på dei inntil det er ei ny ordning på plass.
  • Bøker frå alle avdelingar i Sogndalsbiblioteka kan bestillast, men det kan verte noko lenger ventetid enn vanleg.