Oppdatering 30.april: Nor-log har kjøpt opp konkursboet etter Norsk bibliotektransport, og har starta opp rutene. Det vil seie at bøkene på ny flyt mellom biblioteka våre og bøker de har venta på er på veg. Det vil nok ta noko tid før alt fungerer optimalt, så noko ventetid må me nok forvente. Det er framleis stengt for lånarinitiert fjernlånsbestilling i Biblioteksøk, dette vil bli opna att når Nor-log har oversikt og kontroll over konkursbo og ruter. Enn så lenge kan fjernlån bestillast gjennom ditt lokale bibliotek.
På grunn av konkurs hos transportleverandøren Norsk bibliotektransport AS, er transport av bøker mellom bibliotek ramma.
Dette betyr at fjernlån og innlån frå andre bibliotek kan vere heilt eller delvis utilgjengeleg i ein periode.
Kva betyr dette for deg som lånar?
Du vil i ein periode oppleve at:
- det ikkje er mogleg for deg å bestille lån frå andre bibliotek gjennom Biblioteksøk
- det tek lengre tid enn vanleg å få materiale frå andre bibliotek
Dette skuldast forhold utanfor biblioteket sin kontroll.
Kva kan du gjere i mellomtida?
- Sjå gjerne om boka eller materialet finst i eige bibliotek
- Spør dei tilsette om
- digitale alternativ
- tilsvarande titlar eller anna relevant materiale
Følg med på nettsidene våre – vi oppdaterer så snart situasjonen endrar seg.
Når vert dette løyst?
Vestland fylkeskommune og biblioteka arbeider saman med andre fylke for å få på plass ei ny løysing for transport mellom bibliotek så raskt som mogleg. Det er førebels uvisst kor lang tid dette vil ta.
Vi forstår at dette kan vere frustrerande, og takkar for tolmodet medan vi jobbar med ei varig løysing.
Snakk med oss
Har du spørsmål, eller treng hjelp til å finne alternativ? Ta gjerne kontakt med biblioteket. Me hjelper deg så godt vi kan.
DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Bibliotekutvikling Vestland
