Forbonde bøker-veka 2026!

5.-11. oktober 2026 markerer me Forbodne bøker-veka 2026, saman med andre bibliotek, bokhandlar og andre organisasjonar over heile landet.

Forbodne bøker- veka bidreg til å auke merksemda kring ytringsfridom og demokrati, og skal vere ei råme for samtalar kring desse tema. Veka er med på å styrke vernet vår mot ulike former for sensur, og er ei feiring av lesefridomen!

Universitetsbiblioteket i Oslo er koordinator for Forbodne bøker-veka og dei skildrar forbodne bøker som ei bok som nokon – styresmakter, organisasjonar eller pressgrupper – på ein eller anna måte har forsøkt å hindre andre frå å lese.

Dei mest openberre formene for sensur finn stad i autoritære samfunn og områder med krig og konflikt, men tilsynelatande velmeinande former for sensur i demokratiske samfunn kan òg bane veg for meir autoritære former, der idear og ytringar som oppfattast som støtande, etter kvart blir forbodne eller straffbare.

Ytringsfridomen er stadig under press, og litteratur blir forbode og undertrykkast òg i dag, sjølv i demokratiske samfunn. I USA held American Library Assosiation ei løpande oversikt over sensurforsøk, som i 2025 synte at 4235 ulike titlar vart forsøkt fjerna frå amerikanske bibliotek. Eit rekordstort tal av desse krava vart etterkomne. I andre land ser ein òg ei auke av sensurforsøk, anten i form av lovverk eller andre verkemidlar, til dømes i Russland og Ungarn. Her i Noreg vart det i 2025 debatt kring boka «Genderqueer» og om den skulle gjerast tilgjengeleg i skulebibliotek.

Både sjølvsensur og direkte og økonomiske former for sensur avgrensar befolkinga sin tilgang til litteratur, informasjon og eit mangfald av stemmer. Det rammar alle, og det svekkar demokratiet. Samtidig er denne tematikken full av spørsmål me må finne svar på i fellesskap. Så les ei forboden bok, finn ut kva du sjølv tykkjer og meiner, og snakk om det!

På Universitetsbiblioteket i Oslo sine nettsider kan du lese meir om forbodne bøker og finne boklister over forbødne bøker.