Portrett av Svein Indrelid og framsida av boka "Utvandrerne"

Bokkafé med Svein Indrelid og «Utvandrerne»

Dato

Tid

Stad

Foredraget er basert på Svein si bok «Utvandrerne». I denne boka følger me ei gruppe menneske frå Flåm, Aurland og Lærdal, som våren 1844 drog til Bergen – der dei steig ombord på skipet Juno for å krysse havet til Amerika.

Forteljinga er basert på eit stort kjeldemateriale, og tek lesaren tett på fortida sine draumar og røyndom – og på korleis det er å bygge livet på nytt i eit ukjent land. Opplevingane til desse utvandrarane er langt på veg dei same som dei fleste norske emigrantar hadde i pionertida i 1840-åra, og boka attgir eit viktig stykke norsk emigrasjonshistorie.

Forfattar Svein Indrelid er professor emeritus i arkeologi frå Universitetet i Bergen. Han har gitt ut ei rekkje artiklar og bøker om kulturhistorie og arkeologi.

Arrangementet er del av den nasjonale markeringa av Utvandrarjubileet 2025.