Bilete av bok

Den nye naboen

Ein dag får Jakob eit heilt spesielt oppdrag av sjølvaste statsministeren. Han skal vera fadder for den nye nabojenta. Men nabojenta er ikkje ei vanleg jente, ho kjem frå verdsrommet! Ingen må vita det, og oppgåva til Jakob er å passa på at ho og familien ikkje blir avslørte. Dersom han klarar det, skal han få masse pengar. Men det blir ikkje lett, for den nye jenta kan ingenting om det å vera menneske.

Dette er den første boka i serien Oppdrag romvesen. Teksten er på nynorsk og passar veldig godt for barn mellom 5 og 10 år.

Boktipset er frå Eli ved Sogndal bibliotek