Tillit er beredskap - verdsdagen for psykisk helse

Mobbing – eit vedvarande samfunnsproblem ved Monica Vedvik (HVL)

Dato

Tid

Stad

Sogndal bibliotek
Tillit er ein viktig del av grunnlaget for gode og trygge fellesskap. Når barn og unge opplever at dei blir sett, høyrde og tekne på alvor, kan det bidra til å skape tryggleik, tilhøyrsle og mot til å søkje hjelp når dei treng det. Dette er særleg relevant når vi snakkar om mobbing. Mobbing kan svekkje tilliten mellom elevar, mellom elevar og vaksne, og til fellesskapet som heilskap. Å førebyggje og handtere mobbing handlar difor også om å byggje miljø der barn og unge kan kjenne seg trygge, oppleve tilhøyrsle og ha tillit til at dei vaksne grip inn når noko ikkje er som det skal.
Mobbing er ikkje eit nytt fenomen, men tala frå Elevundersøkinga 2025 viser at det framleis er eit alvorleg og omfattande problem i norsk skule. Etter fleire år med relativt stabile mobbetal såg vi ei tydeleg auke etter pandemien. Hovudfunna i årets Elevundersøking viser at mobbing påverkar skulemiljøet for alle elevar. Trivselen er lågare, og læringskulturen er dårlegare på skular med mykje mobbing. Desse funna tyder på at mobbing har ein kollektiv karakter. Tiltak mot mobbing kan difor ikkje berre rettast mot enkeltindivid, men må vere forankra i heile skulen sin struktur, kultur og praksis.
Foredraget vil rette merksemda mot mobbing som eit sosialt fenomen, og korleis mobbing kan kome til uttrykk i barnehage og skule. Det vil bli sett nærmare på kva som kan vere drivarar og oppretthaldande faktorar i miljø som er prega av mobbing, og på korleis ein kan byggje ein kultur som førebyggjer at mobbing oppstår. Vidare vil foredraget ta opp korleis ein kan gripe inn når mobbing likevel skjer, og korleis dei vaksne kan bidra til å gjenopprette tryggleik og tillit i fellesskapet.
Monica Vedvik er høgskulelektor ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Ho har erfaring som miljøterapeut innan helsesektoren, og som lærar og spesialpedagog i grunnskulen. I dette foredraget vil ho ta utgangspunkt i faglege perspektiv som kan bidra til ei djupare forståing av mobbing, og korleis ein kan arbeide førebyggjande for å skape trygge, inkluderande og gode fellesskap i skulen. Slik blir arbeidet mot mobbing også ein del av arbeidet med å byggje tillit – og med å styrkje den psykiske helsa og beredskapen i fellesskapet.
Arrangementet er del av biblioteket si markering av Verdsdagen for psykisk helse, som i år har temaet «Tillit er beredskap».