Siste nytt frå vikingforskinga med Pål Berg Svenungsen (HVL)
I sommar fekk vikingane på nytt vind i segla då det norske herrelandslaget i fotball stilte opp i vikingkostyme før dei kryssa Atlanterhavet til Vinland. I kjølvatnet følgde det òg ein liten debatt om korvidt det eigentleg er greitt å trekkje fram vikingarven vår.
Men kvifor er vikingane så omstridde? Kven var eigentleg «vikingane», kva heldt dei på med, og kvar står dagens forsking?
Foredraget vil freiste å skissere nokre av dei tema som har prega den seinare tids forsking på nettopp vikingar og vikingtid.
