
Beredskapshagen – få mat ut av plenen!
Måndag 20. oktober kl. 19 kan du lære om matberedskap hjå Sogndal bibliotek.
Lær korleis du kan forvandle plenen til ein fruktbar kjøkenhage. Foredragshaldarane Anders og Barbro Helga Nordrum deler erfaringar og kunnskap. Foredraget passar både nybyrjarar og vidarekomne.
Same kvelden kan du òg kjøpe arbeidsklede for kvinner frå Flor, samt lokale og kortreiste produkt som honning, sopp, såpe, tørka epleskiver og andre godsaker.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Sogndal Hagelag, Luster Hagelag og Sogndal bibliotek, og er del av biblioteket si markering av Verdsdagen for psykisk helse.