 
                        Boklansering – «Lobotomert – ein skamplett i psykiatrihistoria» av Oddrun Midtbø
NB! Merk – ny dato: måndag 10. november.
«Lobotomert. Ein skamplett i psykiatrihistoria» – oppfølgjaren til Harastølen-boka er rett rundt hjørnet!
Noreg var blant dei landa som lobotomerte flest menneske, både unge og vaksne. Kvifor vart det sagt at metoden «passa spesielt godt på kvinner»? Og kvifor heldt legane fram med å lobotomera i fleire tiår etter at medisinane hadde kome på marknaden? Mannen bak metoden fekk Nobelprisen i medisin. Ingen snakka om dei titusenvis av menneska som døydde eller fekk livet sitt øydelagt etter inngrepet.
Midtbø tek vekk sløret frå eit av dei mørkaste kapitla i historia om behandlinga av personar som var psykisk sjuke – eller som ikkje passa inn i dei tronge rammene i samfunnet på den tida. Du møter lobotomistane, og dei som nekta å utføra det media hausa opp som ein «mirakelkur», men som mange pasientar opplevde som rein tortur.
I boka blir du kjent med lobotomerte som fortel om kva dei opplevde, og nokre av dei som heltemodig kjempa for rettferd for dei lobotomerte.
Estimert lanseringsdato på Sogndal bibliotek er torsdag 6. november klokka 19.00!
Endringar kan førekoma – hald auga ope!
