En dag på Fugløya – ei interaktiv teateroppleving for barn
«En dag på Fugløya»
Ei interaktiv forestilling for barn. Forestillinga passar best for dei minste, men alle er velkomne. Varighet 35-45 min.
Det er avgrensa plassar, hugs å hente ut gratisbillettar frå Sogndal kulturhus sine nettsider. Hent ut ein billett per barn.
«Ein dag på Fugløya» handlar om fuglepassaren Anna og fuglane på øya. Ho må berge fugleungane som ikkje kan fly, lage fuglehus til ærfuglen, jage vekk ørna og barna hjelper til. Dei møter lungefuglane Agata og Sigmund, og Anna fortel eventuret «Havmannens Sønn» av Regine Normann innemellom alt som skjer på Fugløya.
«En dag på Fugløya» er skapt for å likeverdig opplevelse for barn med og utan synsutfordringar. Den legg vekt på utforsking og felleskap. Forestillinga vil legge vekt på lyd og fortelling kombinert med utforsking av det fiktive rommet Fugløya og bruk av figurar som barna blir kjent med på ulike måtar. Den skal opplevast «saumlaus» for synssvake barn, dei skal ikkje lure på kva som skjer. Dramaforløpet «ein dag på Fugløya» skal fungere godt for alle.
Medverkande: Henriette Harbitz
Synsfagleg konsulent: Tina Sleire Sandvik (NBFU)
Tilpassing av Lundefugler: Kirsti Loftesnes
Lyd: Finn Steenfatt Thomsen (HVL)
“En dag på Fugløya” er eit samarbeid mellom Sogndal Kulturhus, Harbitz Kulturproduksjoner og Norges Blindeforbunds Fylkeslag Sogn og Fjordane.
