Erika Fatland til Sogndal
Erika Fatland er tilbake!
Denne gongen med boka “Sjøfareren : en reise gjennom Portugals tapte imperium”. Frå 1400-talets oppdagarar, via koloniveldet sitt fall i 1970-åra og til i dag: ei reiseskildring med uforgløymelege menneskemøter, skjebnar og historiar.
Erika Fatland er ein av Noregs mest profilerte sakprosaforfattarar. Bøkene hennar er prislønna og oversatt til fleire språk. Ho er kjent for bøkene Englebyen (2011), Grensen (2017) og Høyt (2020), blant andre.