
«Fleirkulturelt foreldresamarbeid – til det beste for barnet»
Anne Grethe Sønsthagen snakkar om si nye bok «Fleirkulturelt foreldresamarbeid i barnehagen», i samtale med Sandra Opheim.
I dette bokbadet vil førsteamanuensis i pedagogikk ved Høgskulen på Vestlandet, Anne Grethe Sønsthagen, snakke om boka hennar «Fleirkulturelt foreldresamarbeid i barnehagen». Boka er mellom anna basert på hennar doktorgradsarbeid og legg vekt på at barnehagens oppgåver skal skje i nært samarbeid og forståing med heimen, noko som vil seie at alle foreldre, uavhengig av bakgrunn, skal anerkjennast som viktige bidragsytarar. Eit godt samarbeid mellom barnehage og heim er viktig for barns trygge oppvekst og bidreg både til barns velvære, utvikling og læring. Tidlegare forsking syner at barnehagar i Noreg ofte er dominert av majoritetens kultur, normer og verdiar og at personalet ser ut til å vere usikre i kommunikasjon med foreldre med fleirkulturell bakgrunn. Sønsthagen legg vekt på barnehagetilsette som kritiske aktørar for å sikre eit likeverdig og inkluderande foreldresamarbeid til det beste for barnet.
Arrangementet er i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, og del av markering av Forskingsdagane 2025.