Forfattarbesøk med Alf van der Hagen
Hausten 2023 gav Alf van der Hagen ut den kritikarroste samtaleboka “Ønsk meg heller god tur”. Gjennom ni lange kveldar og netter i Hamburg har Ingvar Ambjørnsen fortalt sitt liv i openhjertige samtalar, og i boka får lesarane vere med som fluge på veggen.
I dette foredraget fortel Alf van der Hagen om Ingvar Ambjørnsen sitt begivenheitsrike liv: om oppveksten i Larvik som friluftsmenneske og speider i barndommen, som naturvernar i ungdommen med sterk bekymring for klodens framtid. Seinare slutta han seg til “frikerne”, ei salig blanding av freakarar, kunstnarspirar og småkriminelle, før han flytta frå byen og tok arbeid på psykiatrisk avdeling på sjukehus i Lier og i Bergen. Van der Hagen fortel vidare om Ambjørnsen sine år på landbrukshøgskule, om debuten på eige forlag i Bergen, om år etter år utan fast adresse i Oslo før han flytta til Hamburg i 1985 og blei ein av Noreg sine mest produktive og populære forfattarar.
Heilt sidan debuten har Ingvar Ambjørnsen skrive fram karakterar som står på kanten eller på utsida av samfunnet, karakterar prega av angst og psykisk uro, rus og utanforskap, men òg prega av varme og humor, vennskap, solidaritet… og ikkje minst av sterke naturopplevingar. Bøkene hans har blitt folkelesnad, høgt elska av både unge og vaksne lesarar.
Med sjangeren “samtalememoarar” har Alf van der Hagen skapt ei særeiga blanding av kulturhistorie og forfattarbiografi. Det er prislønte og heilt unike bøker som har gjeve Alf van der Hagen ei stor lesarskare. Han kjem til biblioteket for å snakke om Ingvar Ambjørnsen sitt liv og forfattarskap.
Foredraget kan vere ei fin “oppvarming” til Riksteateret si framsyning “Bare Elling : en ganske morsom historie om ensomhet”, som kjem til Sogndal kulturhus laurdag 26. oktober.