Forfattarmøte med Jørgen Jæger: «Det byrja med ein draum»
Jørgen Jæger fortel om forfattarskapen sin og korleis det heile tok til – i dialog med publikum.
Den nyaste boka hans, Narrespill, som kom ut i fjor haust, er bok nummer 15 i serien om Ole Vik og Cecilie Hopen. Ho har lege 23 veker på bestseljarlista til Bokhandlerforeininga.
Jæger sitt bokunivers er filmatisert, med Kristoffer Hivju i hovudrolla som Ole Vik. Serien kjem som påskekrim i fire episodar på TV 2 i år, med premiere på TV 2 Play 19. mars og på TV 2 Direkte 26. mars – faktisk same dagen som forfattaren vitjar Balestrand. Eksteriørscenene er spela inn i Balestrand, Lærdal og Årdal. Med vakre Sognefjorden som kulisse er serien ei praktfull reklame for Sogn. Serien skal visast i fleire land, mellom anna i dei skandinaviske nabolanda og i Tyskland og Austerrike.
Jæger debuterte med Skyggejakten i 2003, men fekk det store gjennombrotet først i 2012. No, etter 22 år, har han selt meir enn 1,4 millionar bøker i Noreg. Han har vore nominert til fleire prisar, mellom anna Bokhandlarprisen fem gonger og Sølvkniven to gonger. I dag er han ein av dei mest populære og bestseljande krimforfattarane i landet.
Vegen fram til suksess har vore lang og kronglete – men det byrja med ein draum. Forfattaren gler seg til å fortelje!
