Forfattarmøte med Simon Stranger
Høyr Simon Stranger fortelje hjå Sogndal bibliotek torsdag 30. april kl. 19!
Simon Stranger kjem frå Oslo og debuterte som forfattar i 2005. Sidan har han skrive fleire bøker for både barn og vaksne, og han har fått både Riksmålsprisen og Bokhandlerprisen. Blant dei nyare bøkene hans er «304 dager» (2021), «Museum for mordere og redningsmenn» (2023) og «Stranger» (2025). Romanen Stranger lokkar lesarar inn i Strangers heilt eigne litterære univers.
I eit biletforedrag med spesialskriven musikk fortel forfattaren om ein oppvekst med ein psykisk sjuk far, om adopsjon, om ei dramatisk reise over havet i ein liten seglbåt som gradvis går i stykke, og om forsøket på å forsone seg med fortida for å kunne gå vidare.
