Fotballeventyret Fjøra 50 år!
Laurdag 8. februar kl. 14 kan du bli med tilbake i historia til Fjøra Fotballklubb.
Hausten 2024 markerte Fjøra Fotballklubb 50-årsjubileum som fotballklubb på eit storstila arrangement på Sogndal Hotell. No inviterer me bygda til biblioteket for å ta del i presentasjonen av 50 år med Fjøra Fotballklubb.
I det visuelle foredraget blar Inge Kjell Holme, som var første leiar i Fjøra, tilbake i historieboka heilt til 1960-talet. Det skjedde mykje spennande med lokalsamfunnet Sogndal, som bidrog til å skapa Fjøra. Fjøra-eventyret inneheld òg sterke personlege historiar og imponerande innsats av mange frivillige for å halda “nr. 2-klubben” i fotballbygda i gang gjennom 50 år.
Jubileumsåret vart krona med opprykk til Norsk Tipping-ligaen og trenar Knut Almås og keeper Kristian Rutlin blir med på biblioteket for å vurdera Fjøra sine sjansar i norsk ligafotball.