«Hav på alle kanter» med Kirsti MacDonald Jareg
Sogndal bibliotek ynskjer velkommen til eit stemningsfult foredrag når forfattar Kirsti MacDonald Jareg fortel om øyane i Nord-Atlanteren.
Før dagens kart og nasjonale grenser vart til, reiste folke mellom Noreg og Shetland, Orknøyane og Hebridane, Færøyane og Island utan tanke på pass eller grensekontroll. Jareg inviterer oss med på øyhopping i dette tøffe og værharde området.
Kirsti MacDonald Jareg er halvt norsk og halvt skotsk. Slekta på den skotske sida kjem frå dei gælisktalande områdana i Høylandet og øyriket Hebridene. I dag lid ho ifølge seg sjølv av islomani – ein besettelse av øyar. Ei fantastisk liding ho anbefalar på det sterkaste!
