Portrett av Egil Hagerup og boka I tilfelle dommedag

I tilfelle dommedag – er du budd dersom krisa råkar?

Dato

Tid

Stad

Sogndal bibliotek

Kva gjer du dersom straumen går ein iskald vinterdag, internett forsvinn og det ikkje kjem vatn i springen?

I samband med Totalforsvarsåret 2026 og Eigenberedskapsveka inviterer Sogndal bibliotek til ein kveld om eigenberedskap. Journalist og forfattar Egil Aslak Hagerup, kjend for bestseljaren I tilfelle dommedag, deler praktiske råd om korleis vanlege folk kan førebu seg på kriser utan å mista nattesøvnen.

Dette blir ein kveld med både humor, ettertanke og nyttige tips om alt frå batteriradio og vasslager til godt naboskap.