Jon Fosse – enkelt og djupt. Jan H. Landro om Jon Fosse sitt forfattarskap

Dato

Tid

Stad

Sogndal bibliotek

I foredraget vil Jan H. Landro presentera diktaren Jon Fosse og forfattarskapet hans, forklara kvifor han fekk Nobelprisen, og kvifor det skjedde i 2023. Foredraget vil gjera nedslag i sentrale verk og viktig tematikk i det svært omfattande forfattarskapet og gje ekstra merksemd til Fosse sitt hovudverk, den 1250 sider lange Septologien. Landro vil også fortelja kva som har skjedd i forfattarskapet etter at Fosse fekk Nobelprisen, og han vil fortelja kva for bøker ein gjerne kan begynna med for dei som ikkje har lese Fosse før.


Jan H. Landro (76) er ein stolt stril frå Askøy. Han er utdanna filolog og litteraturvitar, og det meste av yrkeskarriera si har han jobba som kulturjournalist, nyheitsjournalist og kulturredaktør i Bergens Tidende. Etter at han pensjonerte seg frå BT for 12 år sidan, har han vore vekentleg leverandør av forfattarintervju og teatermeldingar til avisa Dag og Tid. Han leia arbeidet med å gjenreisa J.W Eides forlag på 1980-talet, har også vore styreleiar for Statens produksjonsfond for kino- og fjernsynsfilm og sat i ei rekke nasjonale jurya òg utval på kulturfeltet. I 2016 etablerte han Vestlandsavdelinga av ytringsfridomsorganisasjonen Norsk PEN, som han leia like til våren 2024. For tida er han engasjert i arbeidet med å skapa eit internasjonalt Jon Fosse-senter i Strandebarm. Landro har utgitt elleve bøker om ulike emne, mellom anna to kunstnarbiografiar, ei bok om Jon Fosse sitt forfattarskap og no seinast ei bok om Skansemyrens historie.