Portrett av Knut Jørgen Røed Ødegaard og nærbilete av atom

Kosmiske mysterier og spektakulære fenomen med Knut Jørgen Røed Ødegaard

Dato

Tid

Stad

Sogndal bibliotek

Nye superteleskop på bakken og i rommet er ferd med å revolusjonere vår kunnskap om Universet. Nye «vindauge» mot rommet gir oss eineståande innsikt i dramatiske, mystiske og spektakulære fenomen. I fjor fekk me både bevis for liv på ein fjern planet og på Mars, i vinter finn me kanskje ein planet til i Solsystemet og me er i ferd med å finne ut kva Universet består av og korleis dei første stjernene og svarte hola blei til.

Nye teleskop syner oss voldsomme stjernesmell og stjerner som dansar ein kosmisk dans og smeltar saman, og me ser dei første galaksane, superhola og stjernene etter Big Bang. Oppdagingane – og overraskingane- står i kø og avslører nye mysterier!

Dagleg ser me svarte hol som blir til eller som smeltar saman, og snart kan me oppdage ormehol – moglege snarvegar til andre univers!

Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard tek oss med ut i ei galakse langt, langt, vekke! Eller kanskje ikkje så langt vekke?